Månadens profil – mars 2012

Det er mars og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – mars 2012: Anne Laupsa Bjelland.

Namn: Anne Laupsa Bjelland
Alder: 45
Kjem frå: Peragarden på Laupsa i Øystese
Medlem i: Øystese Indremisjon
Familie: Gift med Hans Kristian (snart 46), mor til Ingvild (snart 18), Jens Kristian (snart 17) og Torstein (snart 17)
Jobb: Småbedriftsleiar & alt-mogeleg-dama hos Optikar Bjelland (mulig eg er gift med jobben…)
Fritidsengasjement: For tida mest hus og heim
Bil: Caravelle (fordi det var plass til tvillingvogn baki, deretter var det plass til 5 syklar , og no er det rett og slett plass til scooter også)
Favorittfritidsaktivitet: Gå på tur, helst til fjells. Vinterhobbyen er å strikka selbuvottar.
Favorittreisemål: Laupsaflyane (livslang kjærleik er ikkje å forakta)
Favorittartist: Sidan eg gjekk på barneskulen på 70-talet, må det bli ABBA. Syster mi og eg hadde kvar si Barbie-dokke («spinkla-dokke», kalla me slike…) som heitte Annifrid og Agneta. Dei budde i hyllene til Pappen i Vetla-stovo, dei song og var så lukkelege at dei bøygde knea 90 grader framover rett som det var.
Favorittlag: Nei, det har eg ikkje, men Falk håndballklubb ligg an til å bli det.
Kristent førebilete: Mormor og Morfar, Berit Tokheim og Eli Tveitane (og mange, mange fleire…eg likar godt å læra av andre. Delt tru er dobbel tru).
Favorittbibelvers:
Favorittvers nr 1: Johannes 1, 12 fordi det seier at alle som tek imot han, har fått rett til å verta Guds born. Det er ikkje noko nokon kan ta ifrå deg, men ein heilt grunnleggjande rett du har fått når du trur på Jesus. «Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.»
Favorittvers nr 2: Daniel 10.18. Dette verset fekk eg ein gong eg trong det, og det inneheld ein viktig nøkkel for meg. Les sjølv og sjå kor flott det er! «Han som var lik eit menneske, rørte ved meg endå ein gong og gav meg styrke. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er høgt elska. Fred vere med deg! Ver sterk, ver sterk!» Og då han tala med meg, vart eg styrkt og sa: «Tal, herre! For du har gjeve meg styrke.»»

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Fjellet
2. NRK eller TV2? Ja, eller kanskje nei
3. Fotball eller film? Film, eller kanskje forball,…men eg er redd både ballen og motspelarane 🙂
4. Sommar eller vinter? Begge
5. Vårt Land eller Dagen? Begge
6. Facebook eller Twitter? Anar ikkje
7. Koffert eller bag? Spørst kva eg skal
8. Telt eller hotell? Kanskje eg skal ta telt neste gong eg skal på C-optikkmesse?
9. Taco eller pizza? Pizza
10. Knekkebrød eller brødskive? Knekkebrød. Ingen kan knekkebrød som svenskane. Der får du store, runde knekkebrød som ser ut som kvernsteinar. Eit verdig underlag for spekepølsa.

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Tore Tokheim