Årsmelding for storsamlingane 2011

Her kan du lese årsmeldinga for storsamlingane i 2011.

Samlingar
Det har vore 4 storsamlingar i Norheimsund og 5 i Øystese dette året, 5 gonger om våren og 4 gonger om hausten (tredjekvar om våren, fjerdekvar veke hausten). Etter sommaren vart det starta opp månadlege sundagsamlingar kl. 20.00 (innimellom storsamlingane). Sundagssamlingane har vore i Øystese bedehus, med vekt på lovsong, deling og fellesskap/samtale. Storsamlinga startar kl 17.00 med alle frammøtte, men før talen går borna ut til sine samlingar. Ein gong i kvart semester er alle saman på heile samlinga.

Uløna medarbeiderar
Det vert nytta både lokale og tilreisande talarkrefter samt lokale song- og musikkrefter. Kvar storsamling deltek 20-30 uløna medarbeiderar i ulike tenestegrupper Mange av dei har vore med i mange år og gjer ein uvurderleg innsats for fellesskapet. Det varierer litt kor enkelt det er å rekruttera.

Dei ulike gruppene
Det er barnepass for dei alle minste, Sprell Levande-opplegg for småborn opp t.o.m. 1 klasse. Barn og ungdom frå 2.-5.klasse og 6.-8. klasse har KRIK-opplegg i idrettshallen/gymsal (samla el. delt).

Romløysingar
I Øystese er det praktisk å kunna bruka barnehagen til dei minste gruppene og gymsalen på barneskulen til KRIK (etter avtale). I Norheimsund er KRIK-gruppene i Idrettshallen. Sprell Levande-gruppa fungerer på kontoret oppe, men det er lite praktisk romløysing for dei minste i ytre avdeling av matsalen nede.

Matservering
Storsamlinga si avslutning med kveldsmat er viktig for relasjonsbygging. Det er også praktisk for småbarnsfamiliar, som kan starta legging når dei kjem heim. Lydforholda er framleis ikkje så gode i matsalen i Norheimsund. Det vert mykje lyd.

Frammøte
Storsamlinga er ei samling for heile familien. Det møter vanlegvis mellom 60 og 100 vaksne og born, frå babyar til besteforeldre, men flest småbarnsfamiliar. Ungdomane er ikkje så lette å få med på storsamling. Sundagssamlingane samlar 20-40 unge vaksne og vaksne.

Rekruttering
For mange familiar er storsamlinga eit svært viktig tilbod. Me prøver å rekruttera blant desse. Det siste året har det vore godt system på kjøkkenet. Fleire tek ei samling vår og haust slik at me får dekka behovet. Me ønskjer å få fastare form på komp- og forsongarteam, men dette er ofte folk som har mange oppgåver både i og utanfor bedehusfellesskapet. Nokre ungdomar frå bygdene og Framnes tek oppgåver.

Avslutning
Storsamlinga er nok framleis det faste arrangementet som samlar flest i bedehuset. Dei meir uformelle sundagssamlingane ser også ut til å møta eit behov for fellesskap og deling.

Komitéen for storsamlinga
Geir Johnny Undal, Anne Merete Flekstad Vik og Eli S. Tveitane
(Lisbeth Fredheim Oma og Sølvi Mongstad var med i vårsemesteret, dei har saman med Vidar Sangolt starta sundagsssamlinga)