Månadens profil – desember 2011

Det er desember og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – desember 2011: May Oline Opsahl-Engen.


Namn: May Oline Opsahl-Engen
Alder: 46
Kjem frå: Er fødd og oppvaksen litt utanfor Molde
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: Gift med Arne, og me har fire born
Jobb: Jobbar som kokk på Framnes…god middag kvar dag!
Bil: Me har ein Toyota og ein gammal Suzuki
Favorittfritidsaktivitet: Det må vel bli strikking og litt baking
Favorittreisemål: Eg synest det er veldig godt å reisa på tur til varmare strøk, godt for både kropp og sjel
Favorittartist: Eg har vel ingen stor favoritt, høyrer på mange forskjellige
Favorittlag: Det må jo bli MFK (Molde)
Kristent førebilete: Eg såg veldig opp til min morfar. Han hadde ei barnleg tru på Jesus, og at det er tryggast og halde han i handa…for han slepp ikkje tak i meg
Favorittbibelvers: Det må bli Jesaja 43,1-5. Det er så trygt å vite at Han kjenner meg, uansett korleis eg føler eller har det

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Fjelltur
2. NRK eller TV2? TV2
3. Fotball eller film? Film
4. Sommar eller vinter? Sommar
5. Vårt Land eller Dagen? Vårt Land
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Bag
8. Telt eller hotell? Heilt klart hotell
9. Taco eller pizza? Taco…eller begge deler
10. Knekkebrød eller brødskive? Brødskive

Kven vil du utfordre til månadens profil i januar? Ingrid Undal