Fyrste storsamling hausten 2010

Over 100 kvemmingar frå Fykse til Tørvikbygd møtte fram då Indremisjonen i Norheimsund og Øystese baud inn til den fyrste storsamlinga i haust sundag. Tema for kvelden var «grensesprengjande fellesskap».

Prosjektleiar Eli Tveitane er godt nøgd med oppmøtet i Norheimsund bedehus:
–Det var nesten fullt idag, og dei frammøtte var ei fin blanding av nye og folk som har vore med før, seier ho.
Om lag 20 frivillige er i sving når samlingane skal førebuast. Både på kjøkkenet, i barnearbeidet, musikk- og forsangargruppa, til å dekorera og til forbøn trengst det villige hender.
— Det er litt ekstra arbeid no i oppstarten når nokre har reist og nye kjem til, seier Tveitane.

Gaute Soldal Klyve og Ragnhild Helleve
Gaute Soldal Klyve og Ragnhild Helleve

I hovudkomiteen for storsamlingane sit Geir Johnny Undal, Lisbeth Fredheim Oma, Sølvi Mongstad og Eli Tveitane, som har lagt ned eit par dagars arbeid i førebuingar. Sundag måtte Tveitane trå til som erstatning for talaren då Arne Opsahl-Engen vart sjuk.
— Det er kjekt å førebu når folk kjem og det er ein samlingsplass der folk trivst, seier ho.
Hovudmålet med samlingane er å vera ein fellesskap med plass for alle, der deltakarane har eit eigartilhøve til samlinga, seier Tveitane.
— For småbarnsforeldre er møta ein avbrekk i kvardagen for heile familien, frå yngste- til eldstemann, seier ho.
Anne Laupsa Bjelland var vert saman med ektemann Hans Kristian Bjelland og helsa folk velkomne i døra:
— Det er veldig kjekt å helsa både på tidlegare og nye deltakarar, seier ho.
Ragnhild Helleve seier at «heile opplegget» gjer det kjekt å vera på storsamling.
— Heilskapen gjer det til ei fin oppleving, for alle frå dei yngste til dei eldste, seier ho.
— Me lærer kvarandre å kjenna på denne måten, legg ho til.
Helleve var tidlegare fast med på kjøkkengruppa, i kveld er ho med der fordi gruppa trong folk.
Helleve reiser på storsamling også når ho vert skipa i Øystese, seier ho.

Storsamlingane vert haldne kvar tredje veke, vekselvis i Norheimsund og Øystese.

Powered by Cincopa WordPress plugin