21. – 26. april blir det møteveke med Marit Stokken frå ImF i Norheimsund bedehus. Det blir møte kvar kveld tysdag – sundag kl. 19.30. Sundag kl. 11.00 er det Storsamling med eige barneopplegg. Sjå heile programmet her. Fortsett å lese «Velkomen til møteveke!»
Nepalkveld
Misjonsmøte
Sundag 12. april kl. 19.00 blir det misjonsmøte i Norheimsund bedehus. Det vert tale ved generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon Rolf Gunnar Heitmann (biletet). Misjonssekretær Odd Bjarne Skogestad deltek også. Det blir misjonsinformasjon og offer. Arrangør er Den Norske Israelsmisjon. Alle er velkomne!
Nye kjøken i Norheimsund bedehus
Det har vore fleire oppussingsprosjekt på bedehuset dei siste åra som har gjort huset innbydande og fint, og no er det kjøkenet sin tur. Det er ikkje gjort særlege investeringar på kjøkenet sidan bedehuset var nytt i byrjinga av 1960-talet. Indremisjonen har pengar på bok til å lage kjøken bak vetlesalen i hovudetasjen, men for å kunne gjere hovudkjøkenet i kjellaren godkjent og meir tenleg, trengst det mykje pengar. Har du/ de lyst å vere med å lage eit tenleg kjøken på bedehuset, er me takknemlege for alle gåver. Me treng pengar til å betale handverkarar og materiale, og me treng pengar for å kunne utstyre kjøkenet (nytt service, glas, bestikk, gryter og serveringsfat). De kan øyremerke gåvene og setje inn pengar på den nyoppretta kjøkenkontoen vår 3530.27.67287.
Fortsett å lese «Nye kjøken i Norheimsund bedehus»
Marit Stokken til Norheimsund
Jazzmesse i Øystese kyrkje
Fredag 27. mars kl. 20.00 inviterer Øystese Indremisjon og Øystese Sokneråd til Jazzmesse i Øystese kyrkje. Jazzmesse er eit musikkverk komponert og arrangert av Sondre Ferstad og Runar Netland, skrive for jazzkvintett. Musikken er nykomponert, og teiknar store, drøymande bilete med ein musikalsk palett. Opplev ein nyskapande og vakker kyrkjekonsert saman med framifrå musikarar frå Oslo; Sondre Ferstad (munnspel), Runar Netland (slagverk), Martin Johannessen (tangentar), Martin Ulltang (kontrabass), Ester Lorentzen (vokal) og Håkon Aulie (lydteknikar). Inngang: 150,- kr. for vaksne og 50,- kr. for studentar/ born. Velkomen!
Basar fredag 20. mars
Det Norske Misjonsselskap (NMS) sine foreiningar i Vikøy og Norheimsund skal ha basar fredag 20. mars i Norheimsund bedehus kl. 18.30. Det vert andakt av Johnny Knudsen og musikk ved Heims Musikklag. Åretrekningar og trekking av loddbøkene. Det er alltid kjekt med basar. Me har ein gild kveld saman, samtidig som me får gi ei gåve til det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Velkomne på basar!
Film frå ungdomskoret sin turne
Norheimsund & Øystese Ungdomskor klar for ny turne!
Så og seie kvart år sidan 1968 har Norheimsund & Øystese Ungdomskor reist på turné i vinterferien. Fredag 20. februar reiser koret til Rogaland. I løpet av ei lita veke skal koret halde konsertar rundt om i Rogaland og Sunnhordland. Det er klart for årets turné! Fortsett å lese «Norheimsund & Øystese Ungdomskor klar for ny turne!»
Revidert årsmelding for NIM
Revidert årsmelding for Norheimsund indremisjon kan du lese her.

