Velkomen til inspirasjonssamling

MaritOnsdag 21. september kl 19.00 blir det inspirasjonssamling for leiarar og styre i ulike lag tilknytta Norheimsund Indremisjon. Tema: Eit livskraftig indremisjonsarbeid. Marit H. Ådnanes frå IMS kjem. Velkomen!

Bli med på Lovsangskveld!

bedehus-002d1I september blir det lovsangskveld annankvar fredag i Norheimsund bedehus; 2. september, 16. september og 30. september. Det blir andakt, høve til forbøn og fokus på lovsang. Samlingane startar kl. 20.00 og det blir kafé etterpå. Alle er velkomen til å bli med!

Saman på Storsamling!

storsamlingVelkomen til storsamlingar i haust! Ein sundag i månaden vert det samling for alle i familien i Norheimsund eller Øystese bedehus kl. 17.00. Den første samlinga er sundag 28. august i Norheimsund bedehus. Når me er på storsamling, har me lovsong, bibelforteljing, bøn, info om støtteprosjektet og leik før me deler oss. Det er barnepass for dei minste, sundagsskule frå 3-5 åringar, KRIK-samling i idrettshall eller gymsal for dei som er i skulealder. Dei vaksne får undervisning og anna. Så samlast me til god kveldsmat før avslutning! Inviter med deg ein nabo eller vennefamilie og kom! Det er fint å vera i lag! Les meir om storsamling her.

Finansiering av kjøkken i Norheimsund

k4Kjøkkenarbeidet i Norheimsund bedehus nærmar seg slutten, men me manglar framleis ca. 400 000 kr for å få betalt alle rekningar. Årsmøtet bestemte difor at styret får fullmakt til å ta opp lån for å dekkje utgiftene. Men dette lånet må betalast tilbake, og me treng difor hjelp av medlemmer og andre som ynskjer å bidra. Ulike forslag kom opp, som å ha kronerulling, at ein kan utfordre 4 andre til å gi. Det er også mogleg å gi ei gåve som eingangssum, eller ei kan gi ei månadleg gåve. Sjå her.

Velkomen til møteveke!

marit stokken plakat 1625. – 29. mai blir det møteveke med Marit Stokken og Arne Pareli Pedersen frå ImF i Norheimsund bedehus. Det blir møte kvar kveld onsdag – sundag kl. 19.30.
Det blir bønemøte kvar kveld kl. 19.00. Velkomen!

Velkomen til ungdomsmøte

Ungdomsmøte 16 plakatFredag 29. april kl. 20.00 er det klart for nytt ungdomsmøte i Norheimsund bedehus. Det vert song og musikk, konkurransar og andakt av Egil Gammelsæter. Etter møtet blir det kafe. Origo er arrangør og alle er velkomne!

NØUK syng med Norheimsund Musikklag

Sundag 1. mai kl. 18.00 skipar Norheimsund Musikklag til vårkonsert i Norheimsund idrettshall. Dei har invitert med seg Norheimsund & Øystese Ungdomskor og Kvam Ungdomsstorband. Ungdomskoret oppmodar folk om å kome på konserten!

Bedehuskveld i Norheimsund

k5Fredag 15. april kl. 18.30 blir det bedehuskveld i Norheimsund bedehus. Det blir utlodning til inntekt for nytt kjøken. På programmet står også musikk ved Heims og Nancy Karine Sangolt, andakt ved Harald Voster og mat. Det vert høve til å gje ei god gåve! Alle er velkomne!