Årsmøte for Norheimsund Indremisjon

Velkomen til Norheimsund Indremisjon sitt årsmøte i Allesamansamlinga sundag 5. februar kl. 11.00 i Norheimsund bedehus. Etter ei felles opning, vert det opplegg for borna medan dei vaksne får andakt og årsmøtesaker (komprimert og med tid til samtale). Felles matøkt etterpå. Me vonar de alle vil møta på dette viktige møte om framtida til NIM!

Årsmøte for Øystese Indremisjon

Øystese Indremisjon ynskjer velkomen til årsmøte sundag 29. januar kl. 11.00 i Øystese bedehus. Vanlege årsmøtesaker. Det blir først ein liten møtedel, deretter vil årsmøtet og TREFF barnesamling gå parallelt.

Bøneinspirasjonshelg for kvinner

Den første bøneinspirasjonshelga var så givande at me er i
gang med planlegging av komande helg, laurdag 28. til søndag 29. januar. Denne gongen er me invitert til Haugen Dalseth, i Herand. Temaet er: TENK DET; BARE BE! Med eit ønskje om å koma saman i bøn og lovsong og inspirera kvarandre, anten me er mange eller få der me bur, inviterer me til denne helga. Me reknar med at det kjem kvinner frå ulike deler av Hardanger og området rundt. Inviter med deg vener og bønepartnerar og kom! Det er lagt opp til overnatting hos Reidun Dalseth og Hardanger Rom og Harmonium. Du kan lesa meir om programmet og påmelding her. PÅMELDINGSFRIST: 15.januar til est@bushsoft.com eller 47308981 Eli S. Tveitane. Velkomen til bøn og fellesskap! Arr. NIM v/Herdis Austevoll, Ragnhild Skeie og Eli Tveitane

Julefest i Norheimsund 4. juledag

Velkomen til å ta med både eigen og vene-familie til skikkeleg julefest
på bedehuset! Du kan sleppa laga eigen middag, men ta med familien til
ei god servering med velsmakande kurdiske rettar. Etter middagen, ca. kl.
17.15, vert det program oppe med andakt ved Eli Tveitane, konkurranse
m.m. og sjølvsagt julesongar med juletregang og ei overrasking til dei
minste til sist!  Hugs påmelding innan 27.12 kl. 10.00 på grunn av middagen.
Meld frå om allergiar. Elles kan folk kome rett til festen oppe ca. kl.
17.15. Velkomen til julefest!

Har du finklede til overs?

På julemessa 19. november i Norheimsund bedehus, vil vi i år prøva noko nytt: Sal av brukte finklede og finsko til tida vi snart går inn i. Har du eller nokon du bur med vakse ut av julestasen frå i fjor eller året før…? Eller kanskje har du noko fint som ikke er aktuelt for deg lenger, men som andre kan få gleda av? Då kan du levera det vaska (og helst stroke) til Kristin Vistvik (41 38 29 97) i Norheimsund eller Ingrid Selvik Undal i Vikøy (48 26 56 60) t.o.m. onsdag 16. november. Avtal tid! Torsdag 17. november er vi på bedehuset frå kl. 18.00 – 21.00, så då er det mogeleg å levera klede og sko der og. Inntektene av salet går til NLM, og det vi eventuelt ikkje får seld blir gitt vidare til «Plant et tre» i Øystese. Ta ei opprydning i klesskapet, så gier du noko bra både for deg sjølv og andre!