
Medlemsmøte for Norheimsund Indremisjon
Kva tenkjer du er viktig for å realisera visjonen vår?
Tysdag 4. mars kl 19.30 i Norheimsund bedehus
Set av kvelden og ver med å gje retning for fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera!
- Eli S. Tveitane har kort innleiing om arbeidet ut frå satsingsområda i årsmeldinga og semester-tema «Gå og del!» og seier litt om NIM leiarteam som vart etablert i 2023.
- Samtale rundt småborda
- Enkel servering
Velkommen til deling, mat og prat!
Helsing styret for NIM
Årsmelding for Norheimsund Indremisjon 2024

Her finn du årsmelding for Norheimsund Indremisjon 2024.
Allesamansamling med årsmøte for NIM 2. februar
Nytt styre i Øystese Indremisjon!
På årsmøtet til Øystese Indremisjon sundag 26. januar var det val av nytt styre og husstyre.
Styret for 2025 er samansett slik: Vidar Sangolt (leiar), Miriam Almeland, Anna Mette Hals Klyve, Bent Inge Bentsen, Jakob Haaberg, Vidar Stensletten Eik, Nils Gunnar Oma og Andreas Ølfarnes (vara).
Husstyret består av Andreas Ølfarnes, Sveinung Aalvik, Jarle Sortevik, Egil Gammelsæter og Anders Sæleset.
Me ynskjer dei nye styra lukke til med arbeidet!





