Det blir dugnad i Norheimsund bedehus også i år. Inga påmelding, berre møt opp.

Dato: Torsdag 4. juni. 1700 – 20.30, med kaffipause.
Ps! Ta med kaffikopp og evt. eigen proviant 🙂
Lurer du på noko? Ta kontakt med Ole Håland på tlf. 97623246.
Det blir dugnad i Norheimsund bedehus også i år. Inga påmelding, berre møt opp.
Dato: Torsdag 4. juni. 1700 – 20.30, med kaffipause.
Ps! Ta med kaffikopp og evt. eigen proviant 🙂
Lurer du på noko? Ta kontakt med Ole Håland på tlf. 97623246.
No har det meste av møter og arrangement vore avlyst. Sidan smitten er betre under kontroll, kan me forsiktig opna opp og koma i gang igjen. Det er kjekt å få invitera til samling på 1. pinsedag i Norheimsund bedehus. MEN berre 50 personar kan delta på kvar samling, så styret har vedteke at me har to samlingar, kl. 10.00 og kl. 12.00. Seniorprest Arne O. Øystese har andakten. Det vert pinsequiz og kollekt. Me gler oss til å samlast igjen!
MERK: Då smittevern-pålegg set grenser for talet på deltakarar, så vert det påmelding innan torsdag 28. mai på SMS til Tore Skeie 90077001 om kor mange og kva samling de kjem på («først til mølla»-prinsippet gjeld). Vanlege smittvern-reglar gjeld: God avstand og vask hender! Berre dei som er friske (symptomfrie) kan møta.
Arr. Norheimsund indremisjon
Tale over søndagens tekst 4. søndag i påsketiden, Joh. 16, 16-22 v/ Odd Bjarne Skogestad, tidl. leiar av Israelsmisjonen. Skogestad skulle ha talt på Allesamansamlinga i Norheimsund bedehus. Finn podcasten her på heimesida og noko oppdatering om situasjonen i Israel. Det vert høve til å gje ei gåve til Israelsmisjon sitt arbeid på Vipps nummer 540789 eller kontonummer 3000 15 24360.
ULIKE FAMILIEOPPLEGG:
Søndagsskolen til opplegg på nett: https://www.youtube.com/channel/UCR-4jhIXhpkVkhBx6HxV-RQ
Chris og Øystein finn du på facebook: https://www.facebook.com/chrisduweproductions/videos/397984107677225/
Awana held fram med opplegg på nett for barnefamiliar, sjå https://www.youtube.com/channel/UCobXT6WqAbntxE8esB_8hJA/featured
Minne dykk også om å koma saman i mindre grupper, bedehuset er ope for det!
Velsigna søndag!
NIM-styret v/ Eli Tveitane
KOM SAMAN I 5-ar GRUPPER, DEL BIBEL OG LIV SAMAN!
Korleis kan denne våren/dette året verta for oss som forsamling når me ikkje kan møtast slik me plar gjera? Det var eitt av tema som vart drøfta på sist NIM styremøte. «Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dykk» (Matt. 18.20) Det er eit løfte for fellesskapet som me faktisk kan praktisera med dei restriksjonar smittverntiltaka set for oss no. Så me vil oppmoda alle om å finna saman i små bibel- eller husgrupper for å lesa i Bibelen i lag, samtala om kva teksten betyr og kva det kan bety for oss i dag samt be i lag. Gjer det heilt enkelt! Det er fint å bruka søndagens tekst. Så har https://k-stud.no/materials/materiell/ mange tilbod om Bibelstudie-opplegg dei støttar. Mange aktuelle bøker er alt godkjende for kurs (https://minekurs.studieplaner.no/k-stud/nyttkurs/studieplan.aspx ), men det er viktig å melda seg inn og få førstegodkjent søknad FØR ein set i gang.
FAMILIEGRUPPE
I familiegruppa vår samlast me på teams (internett). Då sit me heime kvar familie i stova si, men har samling med bibelforteljing, rørslesongar og felles bøn. Serveringa syt me for sjølv. Det går veldig fint å halda kontakten på denne måten!
I BEDEHUSET
Førebels er avgrensing at 5 kan møtast, men sjølvsagt skal reglar om 2m avstand inne og minst mogleg direkte kontakt, haldast. Styret opnar bedehuset som møteplass for mindre grupper (og med alle forhaldsreglar ivaretekne). Dette er klarert med ansvarlege kommunen. Finn saman i grupper på 5. Tenk på om de er nokon de spesielt skal hugse på å få med. Om de vil bruka bedehuset som samlingsplass, meld dykk på til Tore Skeie, trskeie krøllalfa gmail punktum com eller mob.nr.(finn du på gulesider.no) Ein i gruppa gjev opp namn, mobil og mailadresse. Kom med forslag om dag og tidspunkt. Det vil verta sett fram håndsprit og enkelt vaskeutstyr, slik at gruppa tørkar av dørhåndtak og flater på bord og stol-armlen før de går. Kjøkkenet skal ikkje nyttast.
VER KREATIVE OG HALD KONTAKTEN MED KVARANDRE!
God vår!
Helsing NIM styret v/ Eli S. Tveitane
NIM skulle hatt ei samling med barnekora 19. april, men alt vart avlyst. Eit godt alternativ er å sjå familietreff hos familien Olsen (gjekk live onsdag 15.april kl 18.00).
eller på www.indremisjonssamskipnaden.no
Dei vil nok koma med nye sendingar, så følg med.
Kanskje nokon kan tenkja seg å vera med å bidra til digitale møter her lokalt? Øystese Indremisjon har utstyr rigga opp i bedehuset i Øystese, dei er opne for at andre kan vera med og bidra. Sei frå til meg eller ta direkte kontakt med Vidar Sangolt.
Helsing NIM styret v/ Eli Tveitane