Vellukka Rejoicehelg!

Helga 28. – 30. oktober arrangerte Origo ungdomskonferansen Rejoice for fjortande gong. Rejoice 2016 samla 80 deltakarar. Lars Magne Ådnanes sytte for god undervisning gjennom tale på dei fem møta. Han tala over temaet «Forandring». I tillegg hadde me tre gode seminar; Lisbeth Fredheim Oma – «Nådegåver», Eli Skåland Tveitane – «Medvandring» og Emil André Erstad – «Apologetikk» (trusforsvar). Laurdag kveld var det konsert med elevar frå Kongshaug Musikkgymnas, med Øystesegut Sigmund Vestrheim i spissen. Gjengen frå Kongshaug var med oss heile helga. Norheimsund og Øystese Ungdomskor deltok også. Mange var engasjert i arbeidet med Rejoice. Om lag 30 personar var fordelt på hovudkommité, kafédrift, clean-team, forbønsteneste, teknisk gruppe (lyd, lys, storskjerm, video og foto), musikkutval, registrering og sponsorgruppe. Tusen takk for ei god helg alle saman! Her kan du sjå videosamandrag frå fredag og laurdag. Video: Eirik Sæle.

Ungdomsweekend på Helgatun 21. – 23. oktober

21. – 23. oktober reiser Norheimsund & Øystese Ungdomskor, Krik Kvam og Origo ungdomsklubb på tur til Helgatun. På programmet står blant anna bli-kjent-kveld, natursti, uteaktivitetar, bibeltimar, korøving og underhaldningskveld. Påmeldinga har starta. Send epost til vidar.sangolt@imf.no dersom du vil vere med. Her finn du meir info om turen.

Junior Ving treng fleire leiarar!

ideSist veke var det 47 ungar mellom 6 og 11 år på Junior Ving. Det er kjempeflott! Men me er for få leiarar! Kan DU tenkje deg å bli med som leiar? Oppgåva vert i hovudsak å berre vera til stades som vaksen, og å bidra med hjelpande hender på dei ulike aktivitetane. Dersom nokon ynskjer meir ansvar er det sjølvsagt råd å få til det og! Aktivitetane me har er foto, matlaging, forming og lego. Når det er så mange ungar, får me ikkje alltid snakka med alle, så det òg er ei viktig oppgåve: sjå dei og prata med dei! Junior Ving har samling i Norheimsund bedehus annankvar måndag kl. 18.00 – 19.30. Ta kontakt med Mirjam Eide Gravdal (41087544) dersom du kan tenkje deg å vere med.

Rejoice 2016

plakat-rj16Velkomen til fjortande utgåve av Rejoice! Konferansen vert arrangert i Norheimsund bedehus 28. – 30. oktober. Velkomen til møte, konsert, lovsong, bøn, seminar og fellesskap i Norheimsund bedehus! Årets talar er Lars Magne Ådnanes (IMS). Tema er «Forandring». Seminarhaldarar i år er Emil André Erstad, Lisbeth Fredheim Oma og Eli Skåland Tveitane. Rejoice-bandet består av unge talent frå Kongshaug Musikkgymnas! Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek med song.
Pris: kr. 250,- inkluderer t-skjorte, konsert, seminar og middag sundag.
Velkomen til Rejoice 2016! Program finn du her.

Øystese bedehus 60 år!

jubileum-60-plakat23. september i år er det på dagen 60 år sidan nye Øystese bedehus vart vigsla. Dette ynskjer me å markere med ein songkveld i Øystese bedehus sundag 25. september kl. 19.00. Mannskoret Laudamus, Inger Dysvik, Johs. Waage, Ingeborg Haarr Galtung, Olav S. Tolo og Harald Kjosås vil syngja kjende og kjære songar og salmar. Sjølvsagt blir det også mykje fellessong, kaffi, jubileumskake og jubileumsoffer. Velkomen til nyoppussa sal og ein hyggjeleg kveld!

SMS-liste for Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon

sms-tommel-388Minner igjen om Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon si sms-liste. Her vil det bli sendt ut info om til dømes arrangement i bedehusa våre. Det vil ikkje bli sendt ut melding til alle arrangement. Fullstendig program blir framleis kunngjort på bedehusweb.no og gjennom lysingar i Hordaland Folkeblad. Eventuell påmelding/ avmelding til lista kan ein sende på epostadressa bedehusweb@gmail.com. Dette er ei «einvegsteneste», så det er ikkje mulig for medlemmene å svare på medlingane.