Medlemsmøte NIM

Vegen vidare for organisasjonen vår – tysdag 9. april kl. 19.30 i Norheimsund bedehus. Dette er ein viktig møtestad for å dela tankar om arbeidet og koma med gode innspel til styret. John Sindre Sætrenes og Tore Skeie innleier om «Korleis ser organisasjonen vår ut i framtida, kva trengs?». Samtale rundt borda. Eli S. Tveitane har innlegg til inspirasjon om «Bru til tru» – korleis dela det me trur på i kvardagen? Med utgangspunkt i temaet vår for våren: Kva betyr det å vera ein Jesu etterfølgar i dag. God servering denne kvelden! Set av kvelden og ver med å gjera fellesskapet på bedehuset til slik me ønskjer at det skal vera! Velkommen til undervisning, mat og prat!