Julekonsert med Garness 8. desember

Tvillingduoen Garness legg i desember ut på ny juleturné saman med sitt eminente band. Ein konsert med Garness og deira dyktige medmusikantar er kjenneteikna av leiken musikalitet, inderleg formidling og spanande nytolkingar av velkjente julesongar. Systrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad vart introdusert for store deler av det norske folk då dei fekk halde julekonsert på NRK1 sjølvaste veslejulaftan for nokre år sidan. Duoen har fått eit stadig veksande publikum gjennom sine juleturnear og dei synest det er stas at konserten har blitt ein tradisjon for mange. Nokon har prøvd å telje antal instrument som er i sving når Garness og bandet har rigga seg til på scenen, men resultatet er ukjent. Her finn du eit rikt utval strenginstrument med og utan hals, ein imponerende tangentpark som også kunne passa godt på musikkhistorisk museum, alle slags pedalar, velklingande trommer og cymbalar, klokkespel, perkusjon og andre kuriøse e-bayfunn som ein kan riste, trykke eller slå på. Bandet består som alltid av Thomas Gallatin, Tor Egil Kreken og Torjus Vierli. Dette er musikarar frå øverste hylle, også brukt av blant andre Odd Nordstoga, Sigvart Dagsland og Morten Abel. Dette året legg Garness ein av konsertane sine til Kvam! Laurdag 8. desember held dei konsert i Norheimsund kyrkje. Norheimsund og Øystese Ungdomskor er lokal arrangør og skal også bidra på eit par nummer i konserten. Billettsal: www.ticketco.no eller i døra. Velkomen på konsert!