Allesamansamling m/middag i Norheimsund

Det er skulestart og det er tida for å koma i gang med samlingar i Norheimsund bedehus. Inviter medvener og kjende til første samling for heile familien i Norheimsund bedehus søndag 26. august kl. 11.00. Gunnar Ferstad frå IMF vert med oss og talar over temaet: «Tena av nåde» ut frå dagens tekst. «Nåde» vert temaet vårt for samlingane også vidare i haust slik at me kan sjå meir inn i Guds uavgrensa nåde til kvar og ein av oss, og kva det gjer med oss. Barnegruppene SPARKS for 1-4. klasse og CUBBIES for 4-6år kjem i gangno og har samlingar alle søndagar det er møte på føremiddagen. Samlingane for borna inneheld bibelforteljing, song, smågrupper og leiker. Oppstarten vert også markert med felles middag for heile familien i etterkant av samlinga. Denne gongen vert det nydeleg kurdisk mat laga av våre vener frå Syria. Det er påmelding til middag innan fredag 24. kl. 12.00 til tlf. 47308981 (kr. 60,-/ familie kr. 180,-). Inviter med vener, naboar og kom!