Vil du kjøpe ein stol (eller fleire) til Øystese bedehus?

Hovudsal og sidesal i Øystese bedehus er no ferdig oppussa. No ynskjer me nye stolar til desse salane. I samband med at Sarons Dal i Kvinesdal har bestilt inn nesten 3000 stolar, gjekk firmaet Menighetservise AS ut med eit kjempetilbod til andre lag og organisasjonar. ØIM har hatt stolar på prøve. Dei er gode å sitje i! No har me bestilt 120 slike stolar til kr. 459,- pr stk. Styret i ØIM er takksame for økonomisk hjelp. Me håpar at mange har lyst til å kjøpe ein eller fleire stolar til bedehuset. Kr. 459,- pr. stol. kan betalast til ØIM sitt kontonummer 5277.31.32186. Merk med «Stol». Du kan også betale via VIPPS-nummer 71210. På førehand takk!