Norheimsund & Øystese Ungdomskor klar for ny turne!

turnèbilde m logoSå og seie kvart år sidan 1968 har Norheimsund & Øystese Ungdomskor reist på turné i vinterferien. Fredag 20. februar reiser koret til Rogaland. I løpet av ei lita veke skal koret halde konsertar rundt om i Rogaland og Sunnhordland. Det er klart for årets turné!

Base blir på Catering Partner sin brakkerigg ved Westcon Yards i Ølensvåg. Catering Partner er koret sin hovudsponsor på turnéen.

Kvart år samlar koret inn pengar til eit prosjekt. Det er gratis å kome inn på alle konsertane, men det vert høve til å gje ei gåve til prosjektet gjennom kollekt. Turnékostnadane betaler ungdommane sjølve, så alle innsamla midlar går uavkorta til misjonsprosjektet. Dette året støttar koret arbeidet til misjonærane Ingeborg Synnøve og Nils Gunnar Oma. Dei har base i Manila på Filippinene og er utsendt av organisasjonen New Tribes Mission Norge (NTM Norge). Både Ingeborg Synnøve og Nils Gunnar har i mange år vore med i Norheimsund & Øystese Ungdomskor og koret ynskjer å støtte deira arbeid. Dei er begge utdanna ved NTM sin Bibel og Misjonsskole, North Cotes, England. New Tribes Mission er ein internasjonal misjonsorganisasjon som i hovudsak plantar menigheter og overset Guds Ord blant unådde folkegrupper. Les meir om NTM her: norge.ntm.org/

Turnéplan:
Laurdag 21. februar kl. 21.00: Konsert på Berøa bedehus, Karmøy
Sundag 22. februar kl. 11.00: Koret deltek på gudsteneste i Etne kyrkje
Sundag 22. februar kl. 19.00: Konsert i Etne kyrkje
Måndag 23. februar kl. 20.30: Konsert på Lundeneset VGS, Ølensvåg
Tysdag 24. februar kl. 19.00: Konsert i Sandeid kyrkje
Måndag 2. mars kl. 19.30: Konsert i Norheimsund kyrkje