Månadens profil – juni 2013

aksDet er juni og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – juni 2013: Anne Kari Sørheim. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.


Namn: Anne Kari Sørheim
Alder: 53
Kjem frå: Øystese
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: Mann, 6 barn og 6 barnebarn
Jobb: Kontorsekretær i DNK i Kvam
Fritidsengasjement: Storfamilien, vener, Heim’s musikklag, friluft og oppussing av fritidsbustad…, og ei god bok om eg finn ei ledig stund.
Bil: Peugeot 4008
Favorittfritidsaktivitet: Sitja stille i ein krok med ei god bok! Det gjer godt!
Favorittlag: Rosenborg
Favorittreisemål: Skulle gjerne vore ein tur til Israel
Favorittartist: Andrea Bocelli, og Michael W. Smith (spes. «I will carry you»)
Favorittsalme: Dyraste Jesus, deg vil eg elska
Favorittbibelvers: Filipparane 4.6-7: «Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn…»
Kristent førebilete: Foreldra mine, og Jesus sjølv…

10 kjappe:
Båttur eller fjelltur? Fjelltur
NRK eller TV2? Begge
Fotball eller film? Film
Vårt Land eller Dagen? Vårt Land
Facebook eller Twitter? Ingen
Koffert eller bag? Koffert
Telt eller hotell? Hotell
Taco eller pizza? Pizza
Kjøt eller fisk? Kjøt

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Gudrun Skeie Langeland