Månadens profil – februar 2013

margreteDet er februar og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – februar 2013: Margrete Lid Kjosås. Her kan du sjå dei andre som har vore månadens profil.

Namn: Margrete Lid Kjosås
Alder: 52
Kjem frå: Steinsdalen
Medlem i: Øystese Indremisjon
Familie: Ja! Kjekk mann og 5 unike born
Jobb: Kyrkjemusikar i Kvam
Fritidsengasjement: Halda huset og helsa i sjakk
Bil: Suzuki SX4 (med 4wd, kjem alltid fram)
Favorittfritidsaktivitet: Vandra, vandra vidare
Favorittlag: Kvam turlag
Favorittreisemål: Hurghada
Favorittartist: Det norske solistkor
Favorittsalme: Påskemorgen slukker sorgen
Favorittbibelvers: Johs. 1, 18: «Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er.»
Kristent førebilete: Maria, Mor Theresa, Mama Maggie

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Fjelltur
2. NRK eller TV2? NRK
3. Fotball eller film? Film
4. Sommar eller vinter? Sommar!
5. Vårt Land eller Dagen? Begge to
6. Facebook eller Twitter? Fb er kjedeleg, snusar på Twitter
7. Koffert eller bag? Koffert, med flylapp på.
8. Telt eller hotell? Hotell
9. Taco eller pizza? Pizza
10. Knekkebrød eller brødskive? Brødskive, og knekkebrød etterpå

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Sevinj Asgarova