Månadens profil – november 2012

Det er november og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – november 2012: Helga Almenning.

Namn: Helga Almenning
Alder: 50!
Kjem frå: Valen, Kvinnherad
Medlem i: Øystese Indremisjon
Familie: Mann og tre søner
Jobb: utdanna psyk. sjukepleiar + praktisk ped. utd., jobbar for tida i Tolomarka barnehage
Fritidsengasjement: Fritid…? Er med i klokkarteamet i Øystese. Situasjonen i heimen tillèt ingen faste aktivitetar utover det.Bil: Har to gamle; ein etter kvart sjeldan Toyota Hiace og ein Honda CRV
Favorittfritidsaktivitet: Gå tur, prata, drikka kaffi med gode venninner!
Favorittlag: BRANN
Favorittreisemål: Kykladene, Hellas eller det for tida meir realistiske; Høvåg, Lillesand til gode venner!
Favorittartist: Sting, kanskje..
Favorittsalme: Vanskeleg å plukka ut ein, men «Eg veit ei hamn» har eg sunge mykje og er veldig glad i!
Favorittbibelvers: Umogleg å plukka ut eitt, men har funne mykje trøyst i Salme 139, Matt. 11.28 og Rom. 8 31-39
Kristent førebilete: Ove Tvedt, Valen. Var så heldig å få voksa opp med han som leiar for det kristne ungdomsarbeidet. Han er svært tydeleg på kva han trur på og har ein folkeleg måte å kommunisera på, noko som gjer at han får folk i tale. Han meiner at når dei ikkje-kristne ikkje kjem til oss, må me koma til dei! Han jobbar for tida som utekontakt i Kvinnherad.

10 kjappe:
Båttur eller fjelltur? Båttur
NRK eller TV2? Ja, takk begge deler
Fotball eller film? Film, men kan godt sjå litt fotball og til og med heile kampar god fotball, det vil sei stort sett i EM og VM
Sommar eller vinter? Sommar!
Vårt Land eller Dagen? Vårt Land
Facebook eller Twitter? Facebook
Koffert eller bag? Koffert m/hjul!
Telt eller hotell? Er diverre avhengig av litt betre underlag enn det som er praktisk i telt, så hotell
Taco eller pizza? Taco
Knekkebrød eller brødskive? Brødskive med salt pålegg og litt grønfòr på!

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Anne Merete Flekstad Vik