Månadens profil – august 2012

Det er august og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – august 2012: Randi Håland.


Namn: Randi Håland
Alder: 32 år
Kjem frå: Totland i Nordhordland
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: mann, datter, baby på veg og ein hund, som trur den er eit menneske
Jobb: Bussjåfør i Tide + arbeidsøkjande
Fritidsengasjement: Bibelgruppa Desta, Søndagsskulen i Norheimsund
Bil: Grå bil, med skiboks på taket & Ole Brum i vinduet (Nissan X-trail)
Favorittfritidsaktivitet: lese, leike, gå på tur, vera med familie og venner
Favorittreisemål: Tortnastølen + Paris
Favorittartist: Casting Crowns, David Phelps, “Sprell levande” sangane, Stan Getz,++++++
Favorittlag: Brann vel
Kristent førebilete: JESUS, Familie, venner, Desta damene, folk i bedehuset og i Kyrkja. Kvardagshelter som tørr å følge Jesus
Favorittbibelvers: Jesaja 40.12-31!!!! Ingen er som Gud.

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Fjelltur med utsikt
2. NRK eller TV2? TV2
3. Fotball eller film? Film
4. Sommar eller vinter? Vår
5. Vårt Land eller Dagen? BT
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Bag
8. Telt eller hotell? Støl og Hotell
9. Taco eller pizza? Taco
10. Knekkebrød eller brødskive? Brødskive

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Mirjam Eide Gravdal