Månadens profil – februar 2012

Det er februar og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – februar 2012: Øyvind Kleven.

Namn: Øyvind Kleven
Alder: 50 år
Kjem frå: Molde
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: Ein flott familie med kona mi Eli, 3 døtre (22, 20 og 17 år), 1 son (12 år) og 2 svigersøner (22 og 20 år)
Jobb: Lærar på Norheimsund barneskule
Fritidsengasjement: 2. tenor i mannskoret Laudamus og medhjelpar/tekstlesar i kyrkja
Bil: Peugeot 3008
Favorittfritidsaktivitet: Turgåing (helst over tregrensa), fiske på sjøen ved Bømlo
Favorittreisemål: Innanlands: Har ein draum om ei rundreise med Hurtigruta. Utanlands: Israel
Favorittartist: For tida høyrer eg mykje på «Secret Garden»
Favorittlag: 100-årsjubilant og serievinnar Molde FK
Kristent førebilete: Eg har nok hatt fleire førebilete opp gjennom tidene, både talarar og leirleiarar. Men eg må nok seia at det er foreldra mine som har hatt størst betydning og påverknad for min kristne oppvekst og mitt kristne liv.
Favorittbibelvers: Salme 121: «Eg lyfter augo mine opp mot fjella: Kvar skal mi hjelp koma frå? Mi hjelp kjem frå Herren, som skapte himmelen og jorda. Han skal ikkje la foten din vakla, vaktaren din skal ikkje blunda. Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar. Herren er din vaktar, Herren er din skugge ved di høgre hand. Sola skal ikkje stikka deg om dagen, og ikkje månen om natta. Herren skal vara deg frå alt vondt, han skal verna di sjel. Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid.»

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Fjelltur
2. NRK eller TV2? NRK
3. Fotball eller film? Film
4. Sommar eller vinter? Sommar
5. Vårt Land eller Dagen? Vårt Land
6. Facebook eller Twitter? Nei takk!
7. Koffert eller bag? Koffert
8. Telt eller hotell? Hotell
9. Taco eller pizza? Ja takk!
10. Knekkebrød eller brødskive? Brødskive

Kven vil du utfordre til neste månadens profil? Anne Laupsa Bjelland