Månadens profil – november 2011

Det er november og klart for ein ny profil her på bedehusweb.no. Kvar månad kjem eit kort bli-kjent-intervju med ein person tilknytta Norheimsund Indremisjon eller Øystese Indremisjon. Denne personen får utfordre neste månadens profil. Månadens profil – november 2011: Ranveig Rydland Bjelland.

Namn: Ranveig Rydland Bjelland
Alder: 29
Kjem frå: Eikelandsosen
Medlem i: Norheimsund Indremisjon
Familie: Gift med Håkon, og ventar spent på ein liten ein som kjem om nokre veker!
Jobb: Lærar på Framnes kristne vidaregåande skule
Fritidsengasjement: Er glad i sang og musikk og er med i koret divisi
Bil: Toyota
Favorittfritidsaktivitet: Gå på tur i fjellet, spele eit kjekt brettspel med gode vener, eller berre slappe av på sofaen med ein god film og ein kopp kakao
Favorittreisemål: Oj, det er jo så mange! Men Latin-Amerika står mitt hjerte nært, og eg har mange drømmereisemål der…
Favorittartist: Mange å ta av her også! Maria Solheim, Garness, Norah Jones…
Favorittlag: Brann
Kristent førebilete: «Svigerfarmor», Gerd på 89 år. Kan høyre om og om igjen hennar fantastiske historiar frå livet hennar saman med Jesus, og ho har ei tillit til Gud og til bøn som er inspirerande
Favorittbibelvers: Jesaja 49, 15-16: «Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde? Og om ei mor kan gløyma, så gløymer ikkje eg deg. Sjå, eg har teikna deg i mine hender, dine murar har eg alltid for auga..»

10 kjappe:
1. Båttur eller fjelltur? Ja, takk, begge deler? Men sidan me ikkje har båt må det vel kanskje bli fjelltur 🙂
2. NRK eller TV2? TV2
3. Fotball eller film? Norsk fotball framfor norsk film, men utanlandsk film framfor utanlandsk fotball…
4. Sommar eller vinter? Sommar!
5. Vårt Land eller Dagen? Dagen
6. Facebook eller Twitter? Facebook
7. Koffert eller bag? Koffert
8. Telt eller hotell? Hotell
9. Taco eller pizza? Åh, no blei eg svolten! Tar ein pizza, eg
10. Knekkebrød eller brødskive? Håkons nysteikte brødskive (med brunost)

Kven vil du utfordre til månadens profil i desember? May Oline Opsahl-Engen