«Crown Him» i Øystese idrettshall sundag 10. november!

Sundag 10. november framfører Norheimsund og Øystese Ungdomskor musikalen «Crown Him»  i Øystese idrettshall. «Crown Him» er ein lovsongsmusikal skriven av Graham Kendrick. Koret har framført delar av denne tidlegare, men det er snart 20 år sidan! Konserten er gratis, men det blir teke opp kollekt ved utgangen. Håpar mange kjem! Konserten startar kl. 18.00. Velkomen!

Bibeltimeserie om Efeserbrevet held fram

Egil Gammelsæter har alt halde fem bibeltimar om Efeserbrevet i haust. No vert bibeltimeserien utvida med tre nye kveldar; onsdag 06.11, onsdag 13.11 og onsdag 20.11. Alle samlingane er i Øystese bedehus kl. 19.30. Velkomen!

Sundagstreff med fårikål :-)

Sundag 20. oktober kl. 11.00 er det klart for nytt Sundagstreff i Øystese bedehus. Solveig Norheim talar, Helga Almenning syng for oss og det blir TREFF barnesamling for dei yngste. Etter samlinga vert det middagservering i kjellaren. På menyen står ein ekte haustrett; fårikål! Det er inga påmelding. Berre møt opp! Velkomen!

Bibeltimar om Efeserbrevet

Onsdag 25. september kl. 19.30 startar ein bibeltimeserie om Efeserbrevet i Øystese bedehus. Egil Gammelsæter underviser. Undervisninga held fram 2. oktober, 9. oktober, 23. oktober og 30. oktober. Alle samlingane er i Øystese bedehus kl. 19.30. Velkomen!

Velkomen til pizzakveld 5. oktober!

Velkomen til pizzakveld i Øystese bedehus laurdag 5. oktober kl. 18.00! Det blir andakt v/ Egil Gammelsæter, aktivitetar, brettspel, quiz, m.m. Alle får sjølvsagt pizza og brus! Pris kr. 100,- (vaksne), 50,- (barn) og 300,- (familie). Det er inga påmelding. Inviter gjerne vener og kjende.

Sundagstreff med Tor Ingvald Lauvrak

Sundag 22. september kl. 11.00 er det klart for nytt Sundagstreff i Øystese bedehus. Denne gongen er det Tor Ingvald Lauvrak frå ImF som kjem på besøk. Som vanleg blir det mykje song og musikk i samlinga. Barnelaget TREFF har barnesamling i kjellaren. Kaffimat etter møtet. Velkomen!