Avlysningar av arrangement

På grunn av rekordhøge smittetal i landet avlyser me Allesamansamlinga
19. desember kl. 11.00 og ønskjer alle ei velsigna julehøgtid! Det er
vanskeleg å gjennomføra juletrefesten også 29. desember.  Me ser oss
nøydde til å avlysa i år.  Me kjem sterkare igjen!

Helsing NIM-styret v/ Eli Tveitane

«Når freden lander stilt» – julekonsertar 11. desember

Det blir julekonsert med Norheimsund og Øystese ungdomskor laurdag 11. desember! Pga. nye smitteverntiltak blir det to konsertar; kl. 16.00 og kl. 19.00. Bill. kr. 200,- for vaksne og kr. 100,- for barn/ student ved inngangen. Hugs 1 meters avstand! Det er ikkje påbud om munnbind, men det kan vere lurt å ha, spesielt ved inn- og utgang. Munnbind og håndsprit er tilgjengeleg i kyrkja. Er du sjuk eller har symptom må du halde deg heime.

Me håpar å sjå deg 🙂

Julekonsert i Øystese bedehus 16. desember – AVLYST!!

Konserten er dessverre avlyst pga. den pågåande smittesituasjonen, usikkerhet og restriksjonar.

Torsdag 16. desember kl. 19.00 kjem duoen Ingebjørg Andrea Ådnanes (bl.a kjent fra The Voice 2021) og pianisten Simon Madsen til Øystese bedehus for å ha julekonsert. Denne konserten er ein del av ein julekonsertturné dei har på vestlandet. Konsertrepetoiret vil variera mellom nye og tradisjonelle julesongar både på norsk og engelsk, også sjølvskrive materiale. Songar på engelsk vert teksta til norsk på skjerm. Billettar kjøper du på TicketCo. Kr. 298,- for vaksen og kr. 198,- for barn (inkl. billettavgift). Klikk her for å kjøpe billett.

Dette blir ei oppleving du ikkje må gå glipp av!

Søndagstreff med JULEVERKSTED

Velkommen til søndagstreff med juleverksted 28.11 kl. 11:00. Det blir møte med sang, tenning av første lys i adventsstaken og andakt av Julie Haaberg. Etter møtet blir det ulike stasjoner hvor man kan lage forskjellig julepynt. Her er det lagt opp til at det skal være noe for de små, og noe for de litt større. Det blir servert julegrøt, pepperkaker og saft. Arrangementet er gratis, men det vil bli tatt opp kollekt.

Velkommen til en hyggelig førjulssamling.

Håper vi sees!

Jubileumsspelet om Hans Nielsen Hauge kjem til Norheimsund! Tysdag 16. november kl. 19.00 kan du oppleve dette i Norheimsund kyrkje! Vil du læra, le og bli riven med? Av myndige bondekoner, sjølvgode potetprestar, håplause lensmenn og trongsynte pietistar? Hans Nielsen Hauge og haugianismen er ein himmelsk lapskaus av kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og omsorg. Haugerørsla har sett djupe spor i landet generelt og Vestlandet spesielt. Haugerørsla var også opptakten til Indremisjonssamskipnaden (IMS).
Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen, 250 år etter Hauge sin fødsel. Me trur jubileumsspelet kan hjelpa oss til å sjå kvifor me blei som me blei her i landet. Bli med tilbake til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band. Fire skodespelarar og musikar speler 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar.

Billettar kjøper du ved inngangen frå kl. 18.00. Møt i god tid! Velkomen! Arr.: Norheimsund Indremisjon, Øystese Indremisjon, Øystese sokneråd og Vikøy sokneråd.

Bibelhelg med Asbjørn Kvalbein

Helga 19.-21. november er det bibelhelg ved Asbjørn Kvalbein, NLM.
Fredag kl. 19: Omsorg frå Paulus: Mist ikkje motet. Musikk ved elevar frå Framnes.
Lørdag kl. 17: Lær av Samuel å lytte. Song ved «Kretsmannskoret». Etter møtet blir det trekking av «Julemessebasaren».
Søndag kl. 11: Våre søsken globalt/ Evangeliet til folkeslaga. (Kvalbein talar på Indremisjonen sitt møte.)
Søndag kl. 17: Andens frukt i livet mitt. Song v/ Nancy Karine Sangolt.
Det er no to år sidan Kvalbein besøkte oss sist, så me er glad for å få besøk av denne kunnskapsrike bibelutleggaren igjen! Vel møtt! Arrangør er Norheimsund Misjonssamband.

Soulmesse flytta

Soulmesse med barnekoret SHINE i Norheimsund kyrkje søndag 7. november kl. 17.00 er FLYTTA til søndag 5. desember i Norheimsund bedehus. Velkommen!