Kampreglar for Krik Kvam Cup 2011

Kvart lag har 5 spelarar på banen (keeper + 4 utespelarar) + max 3 reservar.
Laga har berre lov til å bruke spelarar som er oppført på lagoppstillinga.
Eventuell korrigert lagoppstilling skal leverast i sekretariatet før laget sin første
kamp. Kvar spelar kan kun spele for eitt lag. Alle lag må betale påmeldingsavgift
til sekretariatet før laget sin første kamp. Kampane varer i 1 x 9 minutt.
Kampane vert spela med vanleg indoor-fotball (gul inneball). Dersom begge lag
vil, kan ein bruke futsal-ball i gjeldane kamp.

1. Det vert ikkje dømt offside.
2. Tilbakespel til keeper er ikkje tillete.
3. Keeper skal kaste ut ballen ved utspel frå mål (tillete å kaste over
midtlinja).
4. Dersom ballen treff taket blir det frispark. Frisparket vert teke rett under
den staden ballen treff taket.
5. Hardt spel og stygg språkbruk kan straffast med utvisning i 2 min.
Sklitaklingar fører til utvisning resten av kampen! HUGS DET ER SNART
JUL!
6. Innbyte skjer kontinuerleg.
7. Det er innspark på sidene. Hjørnespark vert teke som innspark. Innspark
kan ikkje gå direkte i mål. Alle frispark kan takast direkte.
8. Hugs å sjekke om du er heime- eller bortelag. Heimelaget startar med
ballen og brukar evt. vest.
9. Kampoppsettet forutset at laga er klare til avspark seinast eitt minutt
etter at førre kamp er avblåst. Kjem ein for seint til kamp, og dommaren
har avgjort denne til walk-over, med resultat 2-0 i favør av det laget som
er på plass, kan ein ikkje rekna med å få spele kampen om att seinare.
10. Vidare avansement vert avgjort på bakgrunn av puljetabellen. Poeng tel
først, deretter målforskjell. Dersom både poeng og målforskjell er lik, tel
innbyrdes oppgjer. Dersom innbyrdes oppgjer har enda uavgjort, vert
vidare avansement avgjort ved loddtrekning i sekretariatet.
11. Uavgjorte kampar i sluttspillet, vert avgjort ved straffesparkkonkurranse.
Det skal takast 3 straffespark frå kvart lag, deretter eitt av
gongen inntil avgjerda fell (kun 5 spelarar på kvart lag kan ta straffar).
Keeper skal stå på streken.
12. Arrangøren tek ikkje ansvar for skadar, mista og stolne gjenstandar o.l.
13. NB! Dommaren har rett sjølv om han tek feil!