Vil du bli med på dugnad?
Å drifte eit stort hus er mykje jobb, men mykje kan heldigvis gjerast på dugnad. På denne sida legg me ut små og større oppgåver som kan ordnast på dugnad. Har DU lyst til å bidra med noko av dette? Ring ein ven og gå i gang!
Kontakt Andreas Ølfarnes (46692347/andreas.olfarnes@gmail.com) eller Vidar Sangolt (92444897/ vsangolt@gmail.com) om du treng utstyr eller tips. Vaskeutstyr er på vaskerommet. Verktøy og maling finn du på verkstaden (bak dametoalettet). Meld frå til Vidar når du har gjort noko, slik at han kan stryka det frå lista.
Oppgåver:
- Måle trappegang frå hovudsal til kjellar
- Montere hyller i trappegang
- Rydde verkstad bakom dametoalett. Sette ting i system
- Kaste/sortere ting i lagerrom ved trapp ein ikkje har behov for
- Montere eigna hyller/oppbevaringsystem i lagerrom
- Merka stikkontakt kursar
- Montere fleire knaggar i gang.
- Feste skruer bord kjellar
- Feste teppeflis oppe i hovudsal
- Legge på metallist scene kjellar
- Feste golvlist scene kjellar
