CD-utgjevingar

Norheimsund & Øystese Ungdomskor har gjeve ut tre cdar. Cdane er framleis til sals. Bestilling: send epost til vidar.sangolt@imf.no

STJERNEBRU (1997)
Den fyrste CD-en Norheimsund & Øystese Ungdomskor gav ut var «Stjernebru».
CD-en vart innspelt i Øystese bedehus våren 1997. Dirigent var Audun Galtung.

Musikarar:
Piano: Halfdan Otto Torpe
Gitar: Vigleik Norheim
Bass: Vegard Kjosås
Trommer: Sjurd Skutlaberg

Mini- og Aspirantkora frå Norheimsund og Øystese song nokre av songane.
Dirigent i Norheimsund minikor var Alvhild Strømme, og Aina Valland dirigerte Norheimsund aspirantkor.
Margrete Lid Kjosås dirigerte kora frå Øystese. Vidar Sangolt, Nils Gunnar Sortevik og Alvin Vestrheim var teknikarar.

OPEN THE GATES (2000)
«Open the Gates» var den andre CD-en som vart utgjeve.
Ein del av songane var henta frå musikalen «Crown Him!» av Graham Kendrick.
Audun Galtung var dirigent.
CD-en vart spelt inn i Øystese Bedehus i november 1999 og januar/februar 2000.
Framsida av cdcoveret er teikna av Bodil Eide Laupsa.

Musikarar:
El.Piano: Lars Gunnar Solsvik
Gitarar: Bjørnar Sangolt
Bass: Vegard Kjosås
Trommer/perkusjon: Sjurd Skutlaberg

Teknikarar under opptak var Trond Håkon Olsen, Nils Gunnar Sortevik og Vidar Sangolt.

STREETS OF GOLD (2004)
Etter eit år med auka medlemstal og ny dirigent, var det på tide med ein ny cd. Dette var den tredje cden til Norheimsund & Øystese Ungdomskor.
Innspelinga føregjekk våren 2004 i Øystese bedehus og dirigent var Nancy Karine Eikeland Sangolt.

Musikarar:
Piano: Silje Kristine Bachmann
Akk-gitar/munnspel: Sondre Sandven
El-gitar/tamburin: Olav Øygarden
Trommer: Gjermund Neteland
Bass: Asbjørn Skeie
Synth: Vidar Sangolt
Fiolin(12): Audun Galtung
Piano(3,12): Nancy Karine Eikeland Sangolt

Produsent var Vidar Sangolt.