Lover for Norheimsund bedehus

Lov for Norheimsund bedehus vedteken 29.01.2010:

§1
Norheimsund bedehus er eigd av Norheimsund Indremisjon, og verksemda i huset skal vera i samsvar med Guds ord og den evangelisk-lutherske vedkjenning.

§2
Norheimsund Indremisjon har til ei kvar tid første rett til bruken av huset. Når det ikkje kjem i vegen for foreininga sitt arbeid, kan huset leigast ut til gjeremål i Guds rike som står i samsvar med §1.

§3
Når det ikkje kjem i vegen for bruken av huset etter §2, kan huset også leigast ut til møte for gode og almennyttige gjeremål. Likevel må ein stadig sjå til at desse møta ikkje kjem i strid med Guds ord og sann kristeleg moral.

§4
Styret for Norheimsund Indremisjon er og styre for bedehuset og er såleis til eikvar tid ansvarleg for bruken av huset etter desse reglane. Styret har også ansvar for huset sin økonomi. Eit eige husstyre som vert valt av Indremisjonen sitt årsmøte har ansvar for tilsyn, reinhald og forsvarleg vedlikehald etter reglar som er vedtekne av indremisjonsstyret.

§5
Skulle Norheimsund Indremisjon bli nedlagt, skal styret for Indremisjonssamskipnaden velja ein komité på tre medlemer, som skal fungere som styre for huset etter desse reglar.

§6
Vert det igjen oppretta indremisjonsforeining på staden og denne er i samsvar med den gamle indremisjon, skal huset gå over til den nye foreininga til eigedom og bruk etter desse reglar.

§7
Årsmøtet i Norheimsund Indremisjon kan endra desse reglar med 2/3 fleirtal. Likevel kan ikkje paragrafane 1, 2, 4 og 5 endrast utan godkjenning av Indremisjonssamskipnaden sitt styre. Forslag til endring av reglane må vera sendt til styret seinast tre månader før årsmøtet vert halde.