Klikk her for å laste ned plakat som pdf.

Krik Kvam har gleda av å invitere til fotballcup laurdag 26. november i Norheimsund idrettshall. Kampane startar kl. 10.00 og går utover dagen. I hallen er det kafé med sal av varm og kald mat. Det blir også TIME OUT med andakt og konkurransar.

Kampoppsettet er no klart! Du finn det her.

Kommentar til kampoppsettet:
Kampane varer i 1 x 9 minutt. Det er viktig at alle møter i god tid før kampane.
Klasse A og klasse B spelar dobbel serie, dvs. at laga møter kvarandre to gonger i
gruppespelet. I klasse C (jenter) er det kun to lag. Desse møter kvarandre i fire kampar. Det beste laget gjennom desse kampane vinn klassen!

Lagleiar/ kontaktperson må registrere laget, samt betale påmeldingsavgift kr. 500,- i sekreteriatet før laget sin fyrste kamp.

Sluttspel:
Klasse A: Dei to beste laga i kvar pulje går vidare til semifinale.
Klasse B: Dei to beste laga i kvar pulje går vidare til semifinale.
Klasse C: Best av fire kampar.

Velkomen til Krik Kvam Cup 2011!

Praktiske opplysningar om cupen:
– Klasseinndeling:
Klasse A: Yngre gutar (8.-10. klasse)
Klasse B: Eldre gutar (vgs ->)
Klasse C: Jenter
– 5 spelarar på kvart lag (4 utespelarar + målvakt). I tillegg kan 3 innbyttarar nyttast. Bruk innesko!
– Kampane vert spela på handballbane.
– Pris: kr. 500,- pr. lag (må betalast i sekreteriatet før laget sin første kamp).
– Kampreglar finn du her.
– Kampoppsett vert lagt ut seinast fredag 25. november.

Velkomen til fotballcup i Norheimsund idrettshall!