Seminar i Norheimsund

«Stå sterke i stormen» er tema på seminar over tre tysdagskveldar i Norheimsund bedehus i mars. Stig Magne Heitmann, fagleg leiar i Åpne Dører, er seminarhaldar.
Han skriv: «Helt fra urkirkens tid har kristne opplevd forfølgelse. I dag er forfølgelsen mer global enn noen gang tidligere. Kristne må lære hvordan de skal kunne være sterke i stormen. De som får undervisning om dette før stormen kommer, står alltid sterkest. Forførelsens fare har også alltid fulgt kirken som en skygge. Den er minst like farlig og utfordrende som forfølgelsen». Det vert ikkje teke seminaravgift, men høve til kollekt på møta. Målet er å få inn kr. 150,- pr. deltakar/samling. Seminaret vil ha undervisning i to bolkar med pause og lett bevertning. Norheimsund Indremisjon står som arrangør, men kollekten går til Åpne Dører sitt arbeid. Boka «Stå Sterke i Stormen» kan kjøpast på møta (kr. 250,-). Møtedatoar: 7. mars, 14. mars og 21. mars kl. 19:00 (NB! Merk tida). Velkomen!

Her er PowerPoint-filene frå desse møta:
1
2
3
4
5
6
7

Songkveld i Øystese bedehus

Måndag 6. februar kl. 20.00 arrangerer Øystese Indremisjon songkveld i Øystese bedehus. Norheimsund og Øystese Ungdomskor står for eit variert program med korsong og allsong. Det blir andakt og kollekt til inntekt for oppussing av bedehuset. Etter møtet blir det enkel servering i sidesalen. Alle er velkomne!

Inspirasjonssamling for smågrupper

Smågrupper i heimane er fint fordi:
• det er fleksibelt, deltakarane kan møtast når det passer, dei bestemmer frekvens på samlingar og kva opplegg dei ønskjer å ha.
• det er enkelt, det krev ikkje lang planlegging eller dyre foredragshaldarar, samlingsstad kan gå på rundgang.
• det er inspirerande, så utruleg gjevanda å dela liv og bibel/bøn med kvarandre, kanskje spesielt om nokon er nytilflytta, også innvandrarar.
• det er strategisk, om me ønskjer nye inn i fellesskapa våre, for det er vel det me vil?!? Det er mykje mindre skummelt å bli med nokon heim enn å gå på offentlege stader, der ein vert observert og plassert.
Det er ein fin plass til å dela tankar, utvikla nådegåver og tenester og oppmuntra kvarandre til leva ut trua i kvardagen og bety noko for kvarandre og andre.
TA MED DEG GRUPPA, OM DU HAR, OG LAT DEG INSPIRERA!

Velkomen til INSPIRASJONSSAMLING for smågrupper
i Norheimsund kyrkje tysdag 31. januar 2017 kl. 19.30, kyrkjelydssalen!

Arr: Agenda1 komiteen i Kvam

Julekonsert i Norheimsund bedehus 7. desember

julekonsert-16-plakat

Onsdag 7. desember kl. 20.00 arrangerer Norheimsund & Øystese Ungdomskor julekonsert i Norheimsund bedehus. Ungdomskoret med solistar og orkester framfører nye og gamle julesongar. Årets gjestar er Ingeborg Haarr Galtung og Audun Galtung. Billettane kostar kr. 150,- for vaksne og kr. 50,- for barn/student. Velkomen til ei fin førjulsstund i Norheimsund bedehus!

Velkomen til julemesse!

NLM_2-RGBLaurdag 19. november vert det julemesse i Norheimsund bedehus. Det blir sal av julebakst og matvarer av mange slag, samt og husflids- og hobbyvarer. Kafeen i kjellaren er open heile dagen. Her kan du kjøpe bl.a. gode rundstykke, festkaker og kaffi. Sal av graut frå ca kl. 13.00. Overskotet frå julemessa går til NLM sitt arbeid.
Programmet for dagen ser slik ut:
Kl. 10.00: Julemessa opnar
Kl. 11.30: Åresal
Kl. 12.00: Misjonssamling. Eldbjørg og Kjell Strømme fortel frå Kenya. Song av Øystese Aspirantkor.
Kl. 13.00: Salet held fram
Kl. 14.30: Familiesamling m/ åresal og hovudtrekning. Song av barnekoret Shine.
Kl. 16.00: Messa stengjer

Arrangør er Norheimsund, Tørvikbygd og Øystese Misjonssamband (NLM).

Vellukka Rejoicehelg!

Helga 28. – 30. oktober arrangerte Origo ungdomskonferansen Rejoice for fjortande gong. Rejoice 2016 samla 80 deltakarar. Lars Magne Ådnanes sytte for god undervisning gjennom tale på dei fem møta. Han tala over temaet «Forandring». I tillegg hadde me tre gode seminar; Lisbeth Fredheim Oma – «Nådegåver», Eli Skåland Tveitane – «Medvandring» og Emil André Erstad – «Apologetikk» (trusforsvar). Laurdag kveld var det konsert med elevar frå Kongshaug Musikkgymnas, med Øystesegut Sigmund Vestrheim i spissen. Gjengen frå Kongshaug var med oss heile helga. Norheimsund og Øystese Ungdomskor deltok også. Mange var engasjert i arbeidet med Rejoice. Om lag 30 personar var fordelt på hovudkommité, kafédrift, clean-team, forbønsteneste, teknisk gruppe (lyd, lys, storskjerm, video og foto), musikkutval, registrering og sponsorgruppe. Tusen takk for ei god helg alle saman! Her kan du sjå videosamandrag frå fredag og laurdag. Video: Eirik Sæle.