Bli med i ungdomskoret!

Norheimsund og Øystese Ungdomskor har øvingar kvar mandag, vekselvis i Øystese bedehus og Norheimsund bedehus. Koret har for tida 45 medlemmer, men det er plass til fleire. Neste øving er mandag 11. september kl. 19.30 – 21.30. Då er det øving i Norheimsund bedehus. Semesterplan finn du her. Velkomen innom 🙂

Reformasjonsmarkering i Kvam

Me markerer femhundreårsjubileeet her i Kvam på sjøve reformasjonsdagen, 31. oktober 2017, med ei samling i Norheimsund kyrkje kl 19.00 – 21.00. Tema: «Oppdaga Luther noko det er verdt å ta vare på?». Gunnar Innerdal (biletet), førsteamanuensis i systematisk teologi ved NLA Høgskulen, held føredrag. Han har doktorgrad i systematisk teologi og er tilsett i undervisnings- og forskingsstilling ved NLA Høgskulen. Han underviser også i nytestamentleg gresk. Han bur i Ebbesvik på Sotra og er opprinneleg frå Ålvundeid på Nordmøre.
Det vert enkel servering og høve til spørsmål. Samlinga vert avslutta med ei enkel kveldsgudsteneste ved sokneprest Lars Arne Vik. Arrangør er sokneråda i Kvam. Velkomen!

T&T; Ny klubb for 5. – 7. klasse i Norheimsund!

Måndag 11/9 startar T&T opp for 5.-7.-klassingar! Oppmøte ved Norheimsund bedehus kl.18.00. Ferdig kl.19.30. T&T står for Tru og Trening og skal bli kjempemoro å bli med på! Det er eit opplegg som erstattar TimeOut som har vore tidlegare. Det blir Awana-leikar, storgruppesamling og smågruppesamling. I haust blir det T&T annankvar måndag i tillegg til nokre søndags føremiddagar.

Storsamlinga

Kvar vert det av Storsamlinga i Norheimsund bedehus? Norheimsund Indremisjon ønskjer å integrere familiearbeidet i føremiddagssamlinga på søndagen. Så i haust vert det noko me kallar alle-saman-samling kl 11.00 i Norheimsund bedehus, datoane er 27.august, 24.sept og 22.oktober, med familievenleg opplegg. Me vil smaka på det nye opplæringstilbodet AWANA for barn og ungdom, så det vert både bibeltekstar, song og aktivitetar for dei. Kom gjerne med tilbakemeldingar og innspel, slik at me kan vidareutvikla samlingane framover. Meld deg gjerne til oppgåver om du har lyst å vera med å få til Awana her hos oss. Ta kontakt med nokon i styret. Første samling er søndag 27. august kl 11.00 i Norheimsund bedehus. Håkon Kalvenes talar. Velkommen til fellesskapet på bedehuset! Ta med familie og vener! Styret v/Eli S. Tveitane

Middag og konsert i Norheimsund bedehus

Velkommen til fellesskapsmiddag og lovsongskonsert med familien Høivik frå Rissa, Trøndelag. Ta med deg familie og vener og nyt ferdig søndagsmiddag i fellesskapet med påfølgane lovsongskonsert for heile familien kl. 15.30! Sven Olav Høivik, har med seg kona Ingunn og døtrene Ingjerd og Audhild til Norheimsund bedehus. Begge jentene går for tida på Kongshaug musikkgymnas. Saman vil dei ta oss med på ei musikalsk reise, både vokalt og instrumentalt i ulike sjangrar.
MERK: Søndag 20.august i Norheimsund bedehus middag kl 14.00 og lovsongskonsert for heile familien kl 15.30. Hugs påmelding til Eli S. Tveitane, est@bushsoft.com 47308981 med namnet ditt og talet på born og vaksne (evt. matallergi). Middag kr. 50 pr. pers., familie maks kr 150. Konsert gratis. Kollekt. Påmeldingsfrist: laurdag 19. august 12.00. Arr.: Norheimsund Indremisjon

Ungdomskoret med avslutningstur

Måndag denne veka hadde Norheimsund og Øystese Ungdomskor sommaravslutning i Klyvefjøra. På programmet stod grilling, bading og quiz. Påtroppande styreleiar Miriam Svendsen heldt ein flott andakt. Trass i at alle tiandeklassingane var bortreist på skuletur, var oppmøte godt. Spesielt kjekt var det at mange sjuandeklassingar blei med på turen. Velkomen tilbake til hausten! Bjørnar Sangolt vart takka av som orkesterleiar. Koret er takksame for den jobben han har gjort dette siste året. Ny orkesterleiar vert Gaute Klyve. Me ynskjer Gaute velkomen på laget!

Dette året har koret hatt 43 medlemmer. Me har hatt 14 opptredenar eller konsertar i tillegg til øvingshelg på Helgatun og vanlege måndagsøvingar. På koret sitt årsmøte måndag 22. mai var det val av nytt styre for 2017/ 2018. Det nye styret ser slik ut: Miriam Svendsen (leiar), Hallvard Kleven, Lars Gravdal, Malene Nerbøberg Kolflåth, Åsmund Almenning og Amanda Husum. Ein solid gjeng! NØUK takkar foreldregruppa, tilhøyrarar og støttespelarar for eit bra år. God sommar!

Velkomen til Superhelg på Helgatun

Helga 26. – 28. mai arrangerer IMS Superhelg på Helgatun. Helga er for born 0-9 år m/følge. Pris kr. 630,- for born og 950,- for vaksne. Tradisjonen tru deltek også dette året ein del personar frå Norheimsund og Øystese. Så har du lyst på ei kjekk helg, meld deg på her før 18. mai 🙂 Heile programmet finn du her.

Klart for påskekonsert og turné

Norheimsund og Øystese Ungdomskor reiser dette året på turné i påskeferien. 7. – 12. april turnérer koret i Sunnhordland og på Haugalandet. Base blir på Stemnestaden Leirstad ved Aksdal. NØUK skal ha konsertar i Nysæter kyrkje, Aksdal kyrkje, Sandeid kyrkje og Bremnes kyrkje. I tillegg skal koret delta på gudsteneste i Skjold kyrkje palmesundag. Turnéen startar med konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 6. april kl. 19.30. Gjennom musikk, tekstlesing/ drama, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med på ei vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nye påskesongar. Gratis inngang – kollekt til koret sitt misjonsprosjekt i Mali (Normisjon). Velkomen!

Konsertar turné 2017:
Norheimsund kyrkje torsdag 6. april kl. 19.30
Nysæter kyrkje laurdag 8. april kl. 19.00
Aksdal kyrkje sundag 9. april kl. 19.00
Sandeid kyrkje måndag 10. april kl. 19.00
Bremnes kyrkje tysdag 11. april kl. 19.00

Ungdomskoret og turnéen kan du fylgje på facebook.