Ungdomskoret 50 år!

Norheimsund og Øystese Ungdomkor fyller 50 år i år! Laurdag 21. april er det klart for jubileum i Norheimsund kyrkje. Alle som har vore med i koret på eit eller anna tidspunkt er invitert til felleskor og fest. Programmet vert slik:
kl. 13.30: Frammøte i kyrkja, lita matøkt (baguettar og drikke)
kl. 14.00 – 16.00: Øving på fellesnummer (notar vert utdelte der og då)
kl. 18.00: Jubileumskonsert
kl. 20.00: Jubileumsfest i kyrkjelydssalen
Alle som tek del på festen vert bedne om å ta med eitkvart til festbordet. Saltmat i ymse variantar er å føretrekkja. Jubiléet er såleis utan noko form for betaling. Ved spørsmål, ta kontakt med Olav Skeie Lid (oslid@live.no/ 91641325) eller Vidar Sangolt (vsangolt@gmail.com/ 92444897). Set av dagen og bli med!

Møteveke med Marit Stokken

18. – 22. april 2018 blir det møteveke med Marit Stokken frå ImF i Øystese bedehus. Det blir møte onsdag, torsdag, fredag og sundag kl. 19.30. Lokale musikkrefter deltek. Arrangør er Øystese Indremisjon. Alle er velkomne!

Superhelg på Helgatun

25. – 27. mai arrangerer IMS Superhelg på Helgatun. Alder: 0-9 år m/følge, tema: Superhelt!Velkommen til ei helg full av liv, bibel, god mat, aktivitetar, nært fellesskap, samlingar og superfest.Her kan barnet ha følge av mor, far, bestemor, bestefar, tante, onkel eller annan vaksen. Det blir barnevakt om
kveldane. Det blir med vaksne leiarar og ungdommar. Saman med deg som deltakar ynskjer me å få til ei super helg! Påmelding her: www.indremisjonen/kalender. Frist: 14. mai.

Påskekonsert og turné

23. – 28. mars reiser Norheimsund og Øystese Ungdomskor på turné til sørlandet. Base blir på Undeland Misjonsgård, ikkje langt frå Lyngdal. NØUK skal ha konsertar på Konsmo, Vennesla, Birkeland og i Lyngdal. Turnéen startar med konsert i Norheimsund kyrkje torsdag 22. mars kl. 20.00. Gjennom musikk, tekstlesing/ drama, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med på ei vandring frå palmesøndag til påskemorgon. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nye påskesongar. Gratis inngang – kollekt til koret sitt misjonsprosjekt i Indonesia (Ethnos 360). Velkomen!

Konsertar turné 2018:
Norheimsund kyrkje torsdag 22. mars kl. 20.00
Austad kirke, Lyngdal lørdag 24. mars kl. 19.00
Vennesla frikirke søndag 25. mars kl. 11.00
Konsmo kirke mandag 26. mars kl. 19.00
Birkenes kirke, Birkeland tirsdag 27. mars kl. 19.00

Ungdomskoret og turnéen kan du fylgje på facebook.

Takk frå NMS

Basaren 16. mars samla mykje folk (fullt bedehus). Kvinneforeiningane til NMS takkar for ein fin kveld, og eit godt program. Takk til Johnny Knudsen og Heims musikklag som gjorde kvelden så fin for oss alle. Det kom inn tilsaman om lag kr. 62.000,- til NMS. Takk til alle som bidrog til det fine resultatet. Helsing kvinneforeiningane i Vikøy og Norheimsund for NMS.

Sundagstreff 18. mars

Velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus 18. mars kl. 17.00. Det blir andakt av Hans Arne Børsheim, husorkester, dagens profil, konkurranse/ leik, kollekt, misjonsinfo, allsang og fellesskap. Sundagstreff er ei vidareføring av storsamlingane som me kjenner frå før. Det er ei samling for store og små, yngre og eldre. Det blir felles møtedel først, så eige opplegg for borna medan dei vaksne har sitt opplegg. Etterpå blir det enkel servering i sidesalen. Velkomen til Øystese bedehus!

Basar for NMS i Norheimsund

Velkomen til basar for NMS fredag 16. mars i Norheimsund bedehus. Loddsal frå kl. 18.00. Basaren byrjar kl. 18.30. Andakt ved Johnny Knudsen. Heims musikklag spelar. Åresal og hovedtrekning med mange fine gevinstar. Og sjølvsagt vert det pause med god mat, kaffi og prat. Me får ein gild kveld saman, samtidig som me støttar det viktige arbeidet som NMS gjer i mange land. Velkomen til basar, liten og stor! Helsing Norheimsund og Vikøy kvinneforeining for NMS. NB! Du er og velkomen til loddkjøp på Coop Prix frå måndag 12 – og fram til basardagen.

Songkveld i Øystese

Velkomen til songkveld med mannskoret Laudamus og Esmee van der Linden i Øystese bedehus torsdag 8. mars kl. 20.00. Det er gratis inngang, men det vil bli teke opp kollekt til inntekt for nye stolar i bedehuset. Etterpå blir det kaffi og kaker. Arr.: ØIM