Bibeltimar i Norheimsund og Øystese i haust

Denne hausten blir det bibeltimar i Norheimsund bedehus og Øystese bedehus tysdagar kl. 19.30. Egil Gammelsæter har gjennomgang av Johannesevangeliet i Øystese. Arne O. Øystese, Øystein Ådland og Audun Aase skal gå gjennom 1. Petersbrev i Norheimsund. I tillegg skal Audun Aase ha ein bibeltime om bibelmeditasjon. Velkomen til bibelundervisning!

Rutinar for smittevern – Norheimsund bedehus

1.      Alle arrangement skal ha éin leiar for samlinga og éin person som skal sjå til at smitteverntiltak vert gjennomført.

2.      Ansvarleg leiar for smittevern passar særleg på følgjande reglar:

a.      Folk med luftvegs-symptom skal ikkje delta.

b.      Håndvask eller spriting ved inngang og utgang skal gjennomførast av alle.

c.       Hald 1 m avstand til dei andre.

3.      Éin skal føra registrering av deltakarar med namn og telefonnr. (til foreldre når det er barn som deltek).  Ansvarleg leiar tek vare på lista i to veker for evt. smittesporing.

4.      Inntil vidare skal det ikkje serverast mat, om ikkje anna er avtala med NIM.

5.      Det skal informerast om smittevernreglane for dei frammøtte på arrangementet. Særleg skal det informerast om at viss nokon får stadfesta Covid-19, må dei gje melding til ansvarleg leiar for arrangementet straks.

Ansvarleg for arrangement har følgjande reinhald etter samlinga:

Tørk over med ein godt oppvridd klut med vanleg vaskemiddel/vatn: armlen, dørhandtak, mikrofonar (forsiktig), andre tekniske apparat(forsiktig) og andre flater, samt vaskar på toalett som er brukt. Me anbefalar at ein ikkje brukar toaletta i andre etasjar enn det arrangementet er i.

Me er takknemlege for alle som bidreg for å skapa trygge og smittefrie samkomer på bedehuset!  Om de har spørsmål, kontakt leiar Eli S. Tveitane (47 30 89 81).

Sundagstreff hausten 2020

Då er programmet for haustens Sundagstreff i Øystese bedehus endeleg klart! Første samling blir komande sundag, 30. august, kl. 11.00. Då får me besøk av Marit A. Røen frå IMS. Denne gongen blir det fellessamling for alle. Velkomen!

Smittevern på arrangement i regi av Øystese Indremisjon

Koronasituasjonen gjev oss utfordringar for trygg gjennomføring av arrangement og Øystese Indremisjon er bevisst på dette. Situasjonen kan endra seg og dei gjeldande råda frå Folkehelseinstituttet skal følgjast opp. Er du sjuk eller har luftvegssymptom, er du velkomen ein annan dag 😊

For arrangement i Øystese bedehus gjeld fylgjande:
• Håndsprit er plassert ved inngang til hovudsal. Bruk denne!
• Alle som kjem vert registrert ved inngang til arrangement. Det er svært viktig at alle registrerer seg! Dette er for å evt. kunne smittespore. Øystese Indremisjon oppbevarer listene i 14 dagar etter arrangement før dei vert sletta.
• Familiar og personar i same husstand kan sitje saman. Alle andre skal halde god avstand.
• Kollekt vert teke opp via VIPPS #71210 eller bankkonto 5277.31.32186. Ikkje kontant.
• Før og etter arrangement vert dørhandtak, toalett og andre kontaktflater reingjort.
• Følg smittevernreglane, mellom anna ein meters avstand, handvask m.m.

Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider: www.fhi.no

Velkomen til Øystese bedehus!

Nytt semester i Norheimsund bedehus

Det er tid for oppstart på arbeidsplasser og skule/ barnehagar. Ein litt våt, men god sommar er tilbakelagt og me gler oss til å kunna invitera til samlingar på bedehuset. Alt 23. august vert den første allesamansamlinga.  Det vert innslag av klubben Kraft RC, presentasjon av dei nye barnegruppe-opplegga og andakt av Arne Øystese.  Dette vert ei fellessamling for heile familien. I haust vert det nye opplegg i alle barnegruppene.  For dei minste, under skulealder, heiter det «Kort og godt».  Eit nytt opplegg frå NLM med bibelforteljing, song og aktivitetar som høver for dei mellom 3 og 5 år.  Småskuleborna får opplegget «Sprell levande» frå Søndagsskulen, med opplegg og aktivitetar tilpassa alderstrinnet.  For dei som er komen i storskule, 5 – 7. klasse held me fram med «Aldri alene», eit samarbeidsprosjekt for fleire organisasjonar.  Aktuelle tema vert tekne opp der. Med dei eksisterande smittevernreglane kan me samla inntil 200 på eit arrangement, men så langt som rommet tillet når me skal praktisera ein-metersregelen.  Familiar kan sitja saman utan avstand.  Me opnar dørene kl 10.45, då fyller me opp så lenge det er plass i store og vetlesalen.  Om folk har hoste, symptom på luftvegssjukdommar eller feber, ber me dei halda seg heime.  Alle vert registerte ved inngangen i tilfelle me treng smittesporing.  Det er difor viktig om nokon vert sjuke i etterkant /skulle få stadfesta Covid 19, at dei straks melder frå til Eli S. Tveitane, 47 30 89 81.  Me vil gjera alt me kan for å skapa trygge møteplasser der smittevernreglane vert respekterte. Ein dugnadsgjeng er i gang med ombygging av galleriet til tumleplass for dei minste (med glasvegg til storesal og høgtalarar slik at ein kan følgja med på programmet).  Arthur Strømme leier dugnaden, men han vil gjerne har med seg fleire.  Meld frå og bli med!  Det skal bli ei god løysing, så støtta gjerne økonomisk.  Sjå elles kontonr. på heimesida.

Velkommen til nye samlingar i Norheimsund bedehus denne hausten!
NIM-styret v/ Eli S.Tveitane

Oppstart for ungdomskoret!

Mandag 24. august startar Norheimsund og Øystese Ungdomskor opp att med øving i Norheimsund bedehus kl. 19.30. Det vert også dette året øving annankvar gong i Norheimsund og Øystese. Semesterplan finn du her. Velkomen til nye og gamle songarar!

Lyngdal bibelcamp

Eit av dei få kristne sommararrangementa som faktisk går av stabelen denne sommaren er ImF sin bibelcamp i Lyngdal. Dei fleste møta vert streama på ImF si Facebook-side. I komande veke er det eit team frå Norheimsund Indremisjon og Øystese Indremisjon som har ansvar for song og musikk. Kenneth Foss er møteleiar og Erik Furnes og Jan Rettedal er talarar. Bibeltimar blir sendt kl. 11.15 (tysdag – lørdag), kveldsmøte kl. 19.30 kvar kveld og familiegudsteneste sundag kl. 11.00.

Gottman samlivskurs i Norheimsund

Hausten 2020 blir det Gottman samlivskurs i Norheimsund! Nærare bestemt 11. – 12. sept, 22. sept, 29. sept og 13. okt. Å gå på samlivskurs er vel investert tid! Akkurat som bilen treng service, så treng også parforholdet å bli satt fokus på! Dette er eit kurs som egnar seg både for unge og gamle! John M. Gottman er kjent som verdas fremste samlivsforskar, og har forska på over 3000 par i over 40 år. Ut ifrå dette har Gottman funne 7 prinsipp, som ein finn i dei lukkelege parforholda! Har du lyst til å få betre kjennskap til desse 7 prinsippa? Øve på vanar som kjenneteiknar par som held saman? få kjennskap til kva som er faresignal med tanke på skilsmisse? Då er dette kurset for deg og din kjære! Mange tenkjer kanskje at me har det bra slik me har det og ting fungerar heilt ok! Gottman seier at i velfungerande parforhold, unngår ein mykje stress frå konfliktar, og får styrke til å takle stresset ein møter i kvardagen! Det er også bevist at eit godt ekteskap styrkjer immunforsvaret! Så her er det mange gode grunnar til å bli med på kurset! For å nå ei breiare gruppe, har me valt å ha kurset i amfisalen på Norheimsund skule. Men me vonar likevel at mange frå Norheimsund og Øystese Indremisjon vil melde seg på kurset! De finn meir informasjon om kurset her. Og de kan besøkje vår facebookside: Gottman samlivskurs Norheimsund! Ta gjerne kontakt om det er noko de lurer på eller om de kan tenkje dåke å bidra med noko praktisk på kurset! Det går fint an å vera deltakar samstundes! Kontaktinfo: Marta Gravdal 95700418.