Barnelag

Kvam Soul Children er eit kor innan Soul Children – bevegelsen som har øvingane sine i Norheimsund bedehus annankvar måndag kl. 18.00 – 19.15. Alder er 4.-7.klasse. Mottoet til Soul children er «Vinne og bevare barn og unge gjennom musikk de kjenner seg igjen i». På kvar øving er det fokus på innøving av songar, innøving av dans og me har andakt. Koret er tilknytt Acta (Normisjon) og NLM Ung. Kontaktperson er Nancy Karine Sangolt – tlf. 92806604.

Shine barnekor Norheimsund er eit kor som øver kvar måndag i Norheimsund bedehus kl. 17.30. Alder er 5år – 3.klasse. Me syng, leikar og har andakt. Koret er tilknytt NLM Ung. Kaffi og te til foreldre eller andre som vil sjå og høyra medan borna øver. Kontaktperson er Nancy Karine Sangolt – tlf. 92806604.

Faste oppdrag gjennom året for begge kor:
– korleir på hausten i Sætervika med konsert (frå andreklasse og oppover)
– storkonsert i Grieghallen med kor frå heile Hordaland i februar (frå 1.klasse og oppover)
– heilage tre kongars fest i Norheimsund bedehus (første måndag i januar)
– ein til to opptrinn på bedehus
– ein til to opptrinn i kyrkja
– semesteravslutningar kvart halvår. (alltid måndag)
– besøk til Tolo omsorg (måndag)

JUNIOR VING
Norheimsund Junior Ving er ein aktivitetsklubb for jenter og gutar i 1. – 4. klasse. Samlingane er annankvar måndag kl. 18.00 – 19.30 i Norheimsund bedehus. Her er det song, forteljing frå Bibelen, ulike aktivitetar og kveldsmat. Aktivitetane varierer litt frå år til år, men er for tida kjøkken, forming, lego og foto. (Foto er først og fremst for 4.klassingane). Det er mange som er med og som gler seg til kvar gong. Det er fem faste vaksenleiarar og i tillegg er det hjelpeleiarar frå Framnes k.v.g.s. Medlemskontingent for eit skuleår er 50 kr.
Kontaktperson er Mirjam Eide Gravdal (tlf. 41087544). Velkomen 🙂

T&T
T&T står for Tru og Trening og skal bli kjempemoro å bli med på! Det er eit opplegg som erstattar TimeOut som har vore tidlegare. Det blir Awana-leikar, storgruppesamling og smågruppesamling. T&T er annankvar måndag i tillegg til nokre søndags føremiddagar.
T&T er for alle i 5. – 7. klasse. Velkomen 🙂