![]() | |
|
Rapport etter årsmøte i Norheimsund Indremisjon
Fredag 29.januar var det årsmøte i Norheimsund Indremisjon. Her kan du lese meir om korleis dei nye styra er samansett, samt lese årsmeldinga og vedtaket til ny lov for Norheimsund bedehus.
Av Sverre Lindøy
Følgjande blei valt inn i styret: Håkon Bjelland (attval - valt for to år), Aud Margrete Lid (valt for to år), Kjellun Norheim (1.vara - valt for eitt år) og Ingvild Øvrebø (2.vara - valt for to år). Brit Bjørke og Liv Skutlaberg gjekk ut av styret, til liks med leiar Sverre Lindøy. Det lukkast dessverre ikkje årsmøtet å få valt ein ny leiar, men ein håpar å kome i hamn med dette på det ekstraordinære årsmøtet tysdag 23.februar kl.19. Styret har også kontituert seg, og fordelinga av oppgåver blei følgjande: Nestleiar: Herdis Austevoll, kasserar: Magnus Hisdal, PR-ansvarleg: Håkon Bjelland, pynt-/musikkansvarleg: Aud Margrete Lid, talarsøk: Kjellun Norheim. Så vonar ein altså å få valt ein ny leiar med det første.
Olav Helleve (attval - valt for to år) og Solveig Sakseid (valt for to år) blei valt inn i husstyret. Vararepresentantar, alle valt for eitt år, blei følgjande: 1.Tor Tveitane, 2.Vidar Sangolt, 3.Olav A. Tolo. Frå før sit Morten Øvrebø og Nils Einar Sørheim i husstyret. Brit Gjerde Voster blei attvalt som revisor for rekneskapsåret 2010. På det ekstraordinære årsmøtet satsar ein også på å få valt inn ein 3.vara til styret i Norheimsund Indremisjon, samt ein valkomité for neste år. Elles blei både årsmelding og rekneskap godkjent, og det blei lest opp årsrapportar frå husstyret, ungdomsarbeidet og noko av barnearbeidet. Utover dette tok saka med revisjon av lovene for Norheimsund bedehus mykje tid. Årsmøtet kom likevel fram til ein konklusjon til slutt. Den nye lova kan du lese under her, til liks med årsmeldinga for Norheimsund Indremisjon. Vi oppmoder elles alle til å kome på det ekstraordinære årsmøtet tysdag 23.februar. i tillegg til dei formelle sakena, vil vi også ta opp samtalen om arbeidet, då denne måtte utsetjast på grunn av mangel på tid sist. ___________________________________________ Årsmelding 2009 for Norheimsund Indremisjon Norheimsund Indremisjon har vore gjennom eit år med mykje og ulik aktivitet på fleire frontar. Mange medarbeidarar har vore engasjert i arbeidet. Samtidig ser vi behovet for at fleire tek på seg ulike oppgåver for å halde oppe og vidareutvikle arbeidet på bedehuset. Det er mellom anna eit sterkt ønskje å få starta opp att med jamn søndagsskuledrift. Barne- og ungdomsarbeidet skaper liv i bedehuset fleire dagar gjennom veka. Arbeidet engasjerer mange born og unge gjennom ulike aktivitetar. Ungdomsarbeidar Vidar Sangolt er framleis primus motor for ein stor del av dette arbeidet. Frå 1.august har han også hatt med seg sivilarbeidar Knut Seim, som skal tenestegjere fram til juni 2010. Finansieringa av sivilarbeidaren har vore mogleg gjennom gåver og ein basar til inntekt for ungdomsarbeidet. Dei fleste onsdagane gjennom året har det vore møte/samlingar på bedehuset, i regi av både Norheimsund Indremisjon og andre organisasjonar. Møta har vore av ulik art, men for ein stor del evangeliske møte, bibelundervisning og dele-/bønemøte. Vi har også hatt besøk av NLA og Bibelskulen Bildøy. I tillegg til onsdagsmøta har ein hatt fleire andre arrangement i løpet av året: • 9 storsamlingar (saman med Øystese Indremisjon). • 2 korte ”møteveker” Kåre Johan Hamre (januar) og Arne Lindekleiv (oktober). • Inspirasjonssamling med Arne Lindekleiv og Svein Bjarne Aase i mars (saman med Indremisjonslaga i Øystese og Tørvikbygd). • Bedehusbasar i april. • Forsamlingstur til Fitjadalen i juni. • Møteveke i samarbeid med Misjonssambandet. Talar: Wenche Lunde (oktober). • 6 møter på søndag føremiddag kl 11.00. • 2 festar (17.mai-fest og julefest) I tillegg til dette har det dei fleste tysdagane gjennom året vore faste bønesamlingar om morgonen på bedehusloftet. Det er vidare god grunn til å trekke fram arbeidet Kari Ljønes Valland gjer med å organisere faste andaktar på Toloheimen. Etter årsmøtet 30.01.09 fekk styret følgjande samansetjing: Tore Skeie, leiar Sverre Lindøy, nestleiar og skrivar Magnus Hisdal, kasserar Herdis Austevoll, musikkansvarleg Håkon Bjelland, PR. Vara: 1. Brit Bjørke (talarsøk), 2. Liv Skutlaberg I og med Tore Skeie si utreise til Nepal, fekk styret ny konstituering frå 01.08.09: Sverre Lindøy, leiar Herdis Austevoll, nestleiar og skrivar Magnus Hisdal, kasserar Håkon Bjelland, PR Brit Bjørke, talarsøk Vara: 1. Liv Skutlaberg, musikkansvarleg Styret har gjennom året hatt 10 styremøte og handsama 49 saker. I tillegg har det vore gjennomført 3 samarbeidsmøte med styret for Øystese Indremisjon, der vi har diskutert tettare samarbeid. Begge styra ser seg tent med eit slikt samarbeid, og dette er såleis noko ein vil jobbe vidare med. Det er allereie planlagt nokre felles arrangement utover våren. Trass i mange positive svar, har det stundom også vore vanskeleg å skaffe folk til å ta på seg oppgåver og verv – og fleire vil nok meine at tida kanskje er moden for å sjå på organisasjons- og samarbeidsstrukturen med andre organisasjonar i bygda, i tillegg til Øystese Indremisjon. I løpet av året har det blitt gjort fleire utbetringar og ein del vedlikehald på bedehuset. Dette har samla kosta ein del pengar, men var både naudsynte og framtidsretta investeringar. Vi viser til rekneskapet og årsmelding frå husstyret for detaljar om dette. Elles har ein komité beståande av Olav Helleve, Bjarne Neteland og Sverre Lindøy jobba med eit forslag til revisjon av lovene for Norheimsund bedehus. Dette forslaget vil bli lagt fram til røysting på årsmøtet. Ein ser også at det er behov for å tenkje nytt i arbeidet i tida framover. I barne- og ungdomsarbeidet klarar ein å trekke til seg fleire som ikkje er vane med å gå i bedehus og kyrkje. I vaksenarbeidet skjer dette i svært liten grad. Dette er ei utfordring ein ønskjer å ta på alvor og gjere noko med – mellom anna gjennom noko nytenking i høve til møteformer. Norheimsund Indremisjon vil takke alle gode medarbeidarar for innsatsen i 2009, og rettar blikket mot nye utfordringar i 2010. Norheimsund, januar 2010 Sverre Lindøy __________________________________________ Lov for Norheimsund bedehus vedteken 29.01.2010 lyder no slik: Lov for Norheimsund bedehus §1 Norheimsund bedehus er eigd av Norheimsund Indremisjon, og verksemda i huset skal vera i samsvar med Guds ord og den evangelisk-lutherske vedkjenning. §2 Norheimsund Indremisjon har til ei kvar tid første rett til bruken av huset. Når det ikkje kjem i vegen for foreininga sitt arbeid, kan huset leigast ut til gjeremål i Guds rike som står i samsvar med §1. §3 Når det ikkje kjem i vegen for bruken av huset etter §2, kan huset også leigast ut til møte for gode og almennyttige gjeremål. Likevel må ein stadig sjå til at desse møta ikkje kjem i strid med Guds ord og sann kristeleg moral. §4 Styret for Norheimsund Indremisjon er og styre for bedehuset og er såleis til eikvar tid ansvarleg for bruken av huset etter desse reglane. Styret har også ansvar for huset sin økonomi. Eit eige husstyre som vert valt av Indremisjonen sitt årsmøte har ansvar for tilsyn, reinhald og forsvarleg vedlikehald etter reglar som er vedtekne av indremisjonsstyret. §5 Skulle Norheimsund Indremisjon bli nedlagt, skal styret for Indremisjonssamskipnaden velja ein komité på tre medlemer, som skal fungere som styre for huset etter desse reglar. §6 Vert det igjen oppretta indremisjonsforeining på staden og denne er i samsvar med den gamle indremisjon, skal huset gå over til den nye foreininga til eigedom og bruk etter desse reglar. §7 Årsmøtet i Norheimsund Indremisjon kan endra desse reglar med 2/3 fleirtal. Likevel kan ikkje paragrafane 1, 2, 4 og 5 endrast utan godkjenning av Indremisjonssamskipnaden sitt styre. Forslag til endring av reglane må vera sendt til styret seinast tre månader før årsmøtet vert halde. Medlemene vert herved innkalla til ekstraordinært der gjenståande saker frå saklista, samt formannsval, val av 3. varamann, valnemnd og årsmelding frå Junior Ving vert handsama. Årsmøte 23. februar kl.1900. Innkalling må og skje i media. Publisert 11.02.2010 Sist oppdatert 11.02.2010 | |
leste sider: 130447 © bedehusweb.no 2010 admin 5. september 2010 kl. 07:10 | |