Fortel om bedehussoga i Øystese

Asbjørn Ystebø, pensjonert lærar ved Danielsen vidaregåande skule i Bergen, kjem tysdag til Øystese bedehus. Der skal Ystebø, som har vakse opp i Øystese og Ålvik, fortelje om soga bak bedehuset. Han vil dra linjer fram til vår tid og sjå stillinga til kristendommen i landet i eit historisk og notidig perspektiv. Føredraget startar kl. 19.00. Det blir også song av Olav S. Tolo og bollar og kaffi til alle. Velkomen!

Me ynskjer oss fleire medarbeidarar!

Reingjeringa av Norheimsund bedehus er gjort på dugnad i snart 25 år. Mange har vore med heile tida. Nokon har slutta, nye har kome til. I sum har talet gått ned, og i dag deler 26 personar på oppgåva. 2 i lag, 2 – 3 timar 2 gonger kvar veke, dvs. med 13 veker mellom kvar gong. Arbeidsmengda varierer etter aktiviteten i huset. Etter at me fekk teppefliser er det meir støvsuging og mindre mopping, noko som lettar arbeidet. Me er svært takksame for dei som brukar av fritida si til dette arbeidet. Men me ynskjer oss fleire medarbeidarar, slik at det vert litt lenger mellom kvar gong. Dugnadsarbeidet sparer indremisjonen for godt over kr. 100.000 i året, som laget elles måtte skaffa. Har DU høve til å delta i dette dugnadsarbeidet? Ta kontakt med Olav Helleve, tlf. 911 22 640, eller epost: rag-he@online.no

Rejoice 2017!

Velkomen til femtande utgåve av Rejoice! Konferansen vert arrangert i Øystese bedehus 27. – 29. oktober. Velkomen til møte, konsert, lovsong, bøn, seminar og fellesskap! Årets talar er Lars Magne Ådnanes (IMS). Tema er «Trufast». Rejoice-bandet består av unge talent frå Kongshaug Musikkgymnas! Norheimsund & Øystese Ungdomskor deltek med song. Pris: kr. 250,- inkluderer t-skjorte, konsert og seminar.

God stemning på fyrste Sundagstreff!

Fyrste Sundagstreff i Øystese bedehus samla bra med folk. Takk til alle som bidrog på eitt eller anna vis. Her er nokre bilete frå samlinga:


Velkomen til nytt Sundagstreff 12. november kl. 17.00!

Sundagstreff i Øystese!

Velkomen til Sundagstreff i Øystese bedehus 1. oktober kl. 17.00. Det blir andakt av Egil Gammelsæter, song og musikk ved husorkester og forsongarar, dagens profil, konkurranse/ leik, kollekt, misjonsinfo, allsang og fellesskap. Sundagstreff er ei vidareføring av storsamlingane som me kjenner frå før. Det er ei samling for store og små, yngre og eldre. Det blir felles møtedel først, så eige opplegg for borna medan dei vaksne har sitt opplegg. Etterpå blir det enkel servering i sidesalen. Det blir to sundagstreff denne hausten; 1. oktober og 12. november. Velkomen til Øystese bedehus!

Bli med i ungdomskoret!

Norheimsund og Øystese Ungdomskor har øvingar kvar mandag, vekselvis i Øystese bedehus og Norheimsund bedehus. Koret har for tida 45 medlemmer, men det er plass til fleire. Neste øving er mandag 11. september kl. 19.30 – 21.30. Då er det øving i Norheimsund bedehus. Semesterplan finn du her. Velkomen innom 🙂

Reformasjonsmarkering i Kvam

Me markerer femhundreårsjubileeet her i Kvam på sjøve reformasjonsdagen, 31. oktober 2017, med ei samling i Norheimsund kyrkje kl 19.00 – 21.00. Tema: «Oppdaga Luther noko det er verdt å ta vare på?». Gunnar Innerdal (biletet), førsteamanuensis i systematisk teologi ved NLA Høgskulen, held føredrag. Han har doktorgrad i systematisk teologi og er tilsett i undervisnings- og forskingsstilling ved NLA Høgskulen. Han underviser også i nytestamentleg gresk. Han bur i Ebbesvik på Sotra og er opprinneleg frå Ålvundeid på Nordmøre.
Det vert enkel servering og høve til spørsmål. Samlinga vert avslutta med ei enkel kveldsgudsteneste ved sokneprest Lars Arne Vik. Arrangør er sokneråda i Kvam. Velkomen!

T&T; Ny klubb for 5. – 7. klasse i Norheimsund!

Måndag 11/9 startar T&T opp for 5.-7.-klassingar! Oppmøte ved Norheimsund bedehus kl.18.00. Ferdig kl.19.30. T&T står for Tru og Trening og skal bli kjempemoro å bli med på! Det er eit opplegg som erstattar TimeOut som har vore tidlegare. Det blir Awana-leikar, storgruppesamling og smågruppesamling. I haust blir det T&T annankvar måndag i tillegg til nokre søndags føremiddagar.