NMS med årsmøte og basar

Basar? Gammaldags? Kanskje, men i våre dagar då digitale medier overtek både kommunikasjon og vennetreff, trur eg me treng ein stad å sjå kvarandre. Godt å slå av ein prat over kaffikoppen, gi ein klem, og få ein klem. Eit varmt håndtrykk og eit smil gjer underverk. Andakt, song og musikk er og godt å oppleva. Me får og vera med å gi økonomisk støtte til ein misjonsorganisasjon som har djupe røter i Norheimsund/ Vikøy.

Det Norske Misjonsselskap vart starta for 175 år sidan, 1842, i Lyngdal. Det var Gustava Kielland som var «primus motor». Berre 4 år seinare, i 1846, vart Vikøy Misjonsforeining starta. Her var det lensmann Bård O. Mo som «drog i gang». I starten var det vanleg å ha «misjonslam» «misjonssåker» der utbytte gjekk uavkorta til misjonsarbeidet.

170års trufast arbeid vert markert på årsmøtet for Norheimsund og Øystese NMS torsdag 23. februar kl. 19.00 i Norheimsund bedehus. Mange land har fått god hjelp av misjonspengane. Evangeliet har nådd ut til stadig nye folk. Foreiningane i Norheimsund og Vikøy skal ha basar i år og, fredag 10. mars kl. 18.30 i Norheimsund bedehus. Me blir glade om DU kjem og er med og støttar arbeidet. Fylg med i HF så finn du lysing når det nærmar seg basarkveld. Me kjem til å sitja på matbutikkar å selja lodd. Gler oss til å sjå deg! Helsing oss i Foreiningane.